Inspirert av storsuksessen «Skam»
Vinnarane: Hallvard Magerøy Seljebotn (f.v.), Katrina Øyra, Ruben Skinnlo og Karoline Leirgulen.
Studentane som går andre året på grunnskulelærarutdanninga 5. – 10. klasse fekk eitt døgn på seg til å klekke ut ein god idé ut i frå ei oppgåve frå ein reell oppdragsgivar.
Vinnargruppa fikk i oppdrag av SpareBank1 Søre Sunnmøre å komme opp med ein idé som gjorde at ungdom fekk betre innsikt i kva privatøkonomi handlar om. Dei svarte med å lage ei bloggside og bruk av sosiale medium der ungdommen får møte tre karakterar som er i kvar sin fase av livet. Bloggsida valde dei å kalle «Blakk», og gjennom blogginnlegg, videoinnslag og andre verkemiddel skal ungdommen bli opplyst om privatøkonomi.
Ideen kom kjapt
Ideen har sitt utspring frå NRK-suksessen Skam, ein dramaserie om ungdom på vidaregåande skule, der NRK har tatt i bruk både blogg og sosiale medium for å nå sitt publikum.
– Det var veldig mye bra frå alle 10 gruppene, difor var det moro at vi vant. Ideen om å etterlikne Skam kom fram allereie etter ei kort idémyldring på 10 minutt. Når vi såg at oppgåva var retta mot ungdom, tenkte vi at dette måtte vere midt i blinken, seier vinnargruppa beståande av Katrina Øyra, Karoline Leirgulen, Hallvard Magerøy Seljebotn og Ruben Skinnlo.
I juryen sat prorektor ved Høgskulen i Volda Jens Standal Groven, leiar av arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda Karoline Strand og Martin Folldal dagleg leiar i Sunnmøre kulturnæringshage. Dei hadde følgjande å seie om vinnarane:
– Vi er veldig imponert over kva dykk har fått til i løpet av 24 timer. Dykk presenterer ein veldig ferdig idé som er mogleg å gjennomføre. Den er klar til å bli teke i bruk i skuleverket.
Gruppe seks tok andreplassen med ei ny løysing for korleis kantina på Høgskulen i Volda kan sjå ut.
Gruppe to vart nummer tre. Prisen fikk dei for ideen om å gjere om eit gammalt parkeringshus til eit bygg for fysisk aktivitet med heilt spesielle løysingar.
Skal bli ressurspersonar
Kvart år blir det arrangert innovasjonscamp for GLU-studentane ved HVO for å førebu dei på å sjølve gjennomføre innovasjonscamp på ungdomstrinnet og undervise i faget utdanningsval i 9.klasse. HVO var den første høgskulen med innovasjonscamp for grunnskulelærarstudentar, og det var i år åttande året det vart arrangert. Innovasjonscampen er eit samarbeid med Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal (UE), og er ein meir komprimert versjon av den som blir arrangert i ungdomsskulen.
– Studentane skal vere ressurspersonar på dette området når dei kjem ut i arbeidslivet som lærarar. I forkant av innovasjonscampen fikk dei ei grundig innføring av Ungt entreprenørskap, og no har dei sjølv fått prøvd det ut i praksis, seier Bjørn Gunnar Tafjord, seniorrådgjevar ved Høgskulen i Volda.