GRÜNDERCAMP FOR GLU-STUDENTANE
Kvart år blir det arrangert gründercamp for GLU-studentane ved HVO for å førebu dei på å sjølve gjennomføre gründercamp på ungdomstrinnet og undervise i faget utdanningsval i 9.klasse. HVO var den første høgskulen med gründercamp for grunnskulelærarstudentar, og det er i år sjette året det arrangerast. Gründercampen er eit samarbeid med Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal (UE), og er ein meir komprimert versjon av den som blir arrangert i ungdomsskulen.
─ Vi arrangerer gründercamp for å vise studentane korleis dette skal gjerast i grunnskulen, og for å forstå kva hensikta med det er, seier Bjørn Tafjord.
I juryen sat studiedirektør ved høgskulen Gonnie Smit, Entreprenør- og Næringslivskoordinator i Studenttinget Lars Vidar Gullestad og Stefan Halck frå Volda Næringsforum.
VARTDAL PIZZABOKS TIL TOPPS
Årets vinnar fekk i oppgåve frå Vartdal Plast å lage eit nytt produkt av styropor. Gruppa sitt forslag var ein pizzaboks som har høg isolasjonsevne, har høg fukttransport og er miljøvennleg. Juryen meinte gruppa viste god forståing for oppgåva.
─ Gruppa hadde ei gjennomtenkt løysing. Dei hadde tatt i betraktning pris og miljøperspektiv, og kome fram til noko som var realiserbart.
Juryen poengterar at det var tett i toppen, og at gruppene hadde lita tid på seg og mange vanskelege oppdrag.
Andreplassen gjekk til gruppa som fekk i oppdrag å lage ein giveaway som minna om Fora Form sin nye designstol POND. Løysinga blei ein matboks med tilhørande bein.
Gruppa som kom på tredjeplass hadde fått i oppdrag frå Lenas Ferdamat å få dei ferjereisande på Folkestad-ferja inn i kafeen. Blant forslaga var temabaserte sveler, og gruppa serverte blå "smurfesveler" til juryen etter presentasjonen.