Framleis ledig på drama- og teaterstudiet i Volda

Tekst: Webmaster Volda

Utdanninga er eit 3-årig studieløp med fordjuping i drama og teater. Studiet legg til rette for val av ulike andre fagemne som kan gå inn i studieprogrammet som kunst og handverk, musikk, media og litteratur. Studiet gir grunnlag for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturliv.

nakent520

Kva lærer du?
Gjennom studiet i drama/teater skal studenten utvikle spelkompetanse og innsikt i ulike dramatiske uttrykksformer. Studiet skal gi praktisk og teoretisk innsikt i skodespelarkunst, regi, scenografi og dramaturgi. Andre viktige emne er dramapedagogisk teori og praksis og kunnskapar om teaterkunsten sin eigenart og historiske utvikling.

Oppbygging og gjennomføring
Studieprogrammet er sett saman av obligatoriske og valfrie emne. For å oppnå bachelorgraden må studenten ha til saman 180 stp. Drama/teater kan tilby 105 stp. Resten av emna i studiet kan knytast til andre fag.

Undervisinga vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, dialogprega temaseminar, forelesning, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium og rettleiing. Arbeidet vil bli organisert i ulike grupper av varierande storleik. Det er veksling mellom spontane, intuitive og meir analytiske og problemløysande arbeidsmåtar.

Ei studiereise er lagt inn som ein obligatorisk del av bachelorgradsstudiet.

Vegen vidare - jobb og studium
Studiet gir grunnlag for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturliv. Det kan gå inn i ei faglærarutdanning, men ønskjer ein å arbeide som lærar med drama som valfag eller som arbeidsform i andre fag og prosjektarbeid i skulen, vert du rådd til å ta inn undervisningsfag frå grunnskulen. Studenten må ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg for å få undervisningskompetanse i skuleverket. Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i drama og teater.

Utanlandsopphald
Delar av studiet skal kunne takast ved utanlandske institusjonar.
Det vert arbeidd med å opprette kontakt med institusjonar i første rekkje i Norden og Europa. Men også andre studiestader kan vere aktuelle som til dømes studium i Australia.
Høgskulen sitt studietilbod Austral-Asia kulturstudium høver godt inn i drama/teaterstudiet. Dette kan takast i 3. studieåret i haustsemesteret.

Les meir om dei ulike dramastudia og søkjarprosessen på www.hivolda.no/tilbod

Del på