Forskar på skulevegring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

a97803b41fd74f0ff2d8cc4856f3b799af862a06
Grunnskulelærarstudent Marte Riksheim skriv for tida bacheloroppgåve om skulevegring.

 ─ I alle praksisperiodane har eg møtt elevar som har hatt skulevegring, noko eg synest er skremmande. Det fekk meg til å ville lære meir om korleis eg kunne hjelpe desse elevane, seier Riksheim, som trur skulevegring er eit aukande problem i skulen.

SKULEVEGRING

Elevar som har skulevegring har ingen klar motivasjon. Det er elev-motivert fråvær utan gyldig grunn, og fins i mange grader. Nokre er vekke i vekevis medan andre er vekke i enkelttimar. For å få meir kunnskap om temaet har Riksheim gjort kvalitative intervju med lærarar som har erfaring med dette. Ho er ute etter å finne årsaker til skulevegring, og kva tiltak lærarane set i verk for å hjelpe.

─ Dette er eit tema det er viktig å vite noko om fordi ein som klassekontakt vil få ansvar for desse elevane, seier Riksheim.

Halvvegs i bacheloroppgåva er det vanskeleg å kome med konklusjonar, men ho har fått mykje kunnskap gjennom informantane.

─ I intervjua la ein av lærarane vekt på at samarbeid mellom skule og heim er det viktigaste middelet dei har, og at god kommunikasjon er avgjerande. Ein av lærarane fortalde at ho hadde erfaring med at angst, alvorlige psykiske problem og kanskje ernæringsproblem i tillegg var bakgrunn for skulevegring. Det kan også ha noko med sjølvbilete og sjølvkjensle å gjere. Stadig skifte av lærarar er også ein faktor som er med på å gjere unge utrygge. Det er viktig at elevane får vere med på å planlegge vekene og at dei får vere med å bestemme innhaldet, seier Riksheim.

FØRSTE KULL MED BACHELOROPPGÅVE

Då Allmennlærarutdanninga blei avløyst av Grunnskulelærarutdanninga (GLU) hausten 2010 blei utdanninga organisert i to løp, eit for 1.-7.klasse og eit frå 5.-10.klasse, med bacheloroppgåve i begge. Årets tredjeklassingar er difor dei første til å skrive bacheloroppgåve. Bacheloroppgåva avsluttar faget «Pedagogikk og elevkunnskap», og er eit sjølvstendig forskingsarbeid der studentane tar for seg problemstillingar som er sentrale i læraryrket. Til bacheloroppgåva er det lagt tre arbeidskrav- godkjent problemstilling, forskingsplan og presentasjon.

Studentane har no fullført arbeidskrava, og presentasjonane vart lagt fram på ein minikonferanse der dei presenterte arbeidet med oppgåva så langt framfor grupper av 1. og 2. års studentar og lærarar.

─ Eg fekk veldig positiv respons på oppgåva mi. 1. og 2. klassingane var flinke til å kome med gode tilbakemeldingar. Ein av lærarane har vore rettleiar for ein masterstudent som skreiv om same temaet, og eg fekk bekrefta at eg var på rett veg, seier ei smilande Riksheim.

GOD TILRETTELEGGING

Før jul hadde studentane to dagar med informasjon om metode og om korleis ein skal intervjue. Vidare har dei krav på fem timar rettleiing som studentane sjølve bestemmer når dei vil nytte seg av.

─ Eg har brukt rettleiing til problemstilling, forskingsplan og intervjuguide foreløpig. Resten av rettleiingstimane vil eg kanskje bruke til drøfting og analyse, seier Riksheim.

Riksheim legg til at dei er veldig flinke å legge til rette for studentane på grunnskulelærarutdanningane.

─ Eg byrja med matematikk som valfag, men fann ut at det ikkje var noko for meg. Eg fekk då søke overføring til religion, livssyn og etikk, og fekk innpass for dette i utdanninga. Eg har også tatt eit årsstudium i norsk og skal fordjupe meg i samfunnsfag til neste år, seier Riksheim.

BYRJA SOM VIKAR

Etter utdanninga ønskjer Riksheim seg heim til Sykkylven og jobb på Sørstranda skule. Ho er vikar der når ho har tid, men har dette semesteret prioritert bacheloroppgåva. Riksheim var lærarvikar heime i Sykkylven før ho bestemte seg for å byrje på Grunnskulelærarutdanning 5-10 klasse. Ho velde dette løpet slik at ho har mogelegheit til å vere både på barne- og ungdomsskule.

─ Eg likte meg svært godt i lærarrolla. Som lærar er ingen dagar like. Ein får heile tida nye utfordringar, og det passar meg godt, seier Riksheim.





Del på