Fokus på dysleksi
Dysleksi betyr å ha vanskar med ord. Det er språkbaserte lærevanskar, det er arvelig og omfattar fleire språklege områder enn dei som angår lesing og skriving.
─ Kjerneproblemet for dyslektikarar er knytt til evna å oppfatte og skilje dei minste språkeiningane, fonema, som er språklydane, fortel Åsne Midtbø Aas som er pedagog ved Dysleksi Norge og har fagdagen for studentane.
EIT VIKTIG TEMA
Om lag 3-5 % av elevane i skulen har dysleksi.
─ Statistikken viser at det er ein dyslektikar i kvart klasserom, i alle fag. Det er difor eit viktig tema for lærarar og komande lærarar, seier Aas.
Kjerneproblemet ved dysleksi er at leseutviklinga vil være forsinka. Ein har ofte dårleg leseflyt, dårleg leseforståing og problem med å skrive.
─ Å lese og skrive er grunnleggande ferdigheiter, og dersom ein har vanskar her forplantar det seg i andre fag, seier studieleiar ved Grunnskulelærarutdanningane Oddvar Aalde.
Studieleiar ved Grunnskulelærarutdanningane Oddvar Aalde og Åsne Midtbø Aas som er pedagog ved Dysleksi Norge.
KNYTTER KUNNSKAPEN OPP MOT PRAKSIS
Aalde fortel at dei prøver å knytte det studentane lærer i dag opp mot praksis, og at dei også har hatt besøk av ein praksisskule på fagdagen.
─ Vi håpar å kunne dra nytte av kvarandre, og skape ei felles plattform for studentar som skal ut i praksis og praksisskulane, seier Aalde.
─ Det er veldig nyttig at studentane kan gå ut og observere det dei lærer her i praksis. Vi ser også at praksisskulane vil lære meir om dysleksi, seier Aas.
Høyr om saka på Radio Volda
Pressefoto:
Forelesning
Oddvar Aalde og Åsne Midtbø Aas