Fekk eit fortrinn før dei skal søke jobb
Bak f.v.: Jan Thormodsæter (Mafoss), Lidun Hareide (Møreforskning og arrangør), Kari Hasle (fagansvarleg PPU), Tord Andre Langmoen (studentrepresentant PPU), Hilde Meringdal (FYR-ansvarleg i M og R-fylke), Bjørnar Sæterås (studieleiar PPU). Framme f.v.: Anne Holstad (HR-direktør Jets Vacuum AS), Kjersti Kleven (styreleiar Kleven Verft AS). Lone Lønne Christiansen (FYR-ansvarleg Utdanningsdirektoratet), Terese Myklebust (FYR-koordinator MogR og høgskuleketor HVO).
– Det vert sett etter kunnskap om FYR når det skal tilsettast lærarar i den vidaregåande skulen. Difor oppmodar eg dykk til å nemne dette seminaret når dykk skal søke jobb, sa FYR-ansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hilde Meringdal, til studentane som tek Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Høgskulen i Volda (HVO).
FYR står for fellesfag, yrkesretting og relevans. Hausten 2011 starta Kunnskapsdepartementet FYR-prosjektet med mål om å betre yrkesretting og relevans i fellesfaga på yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule. I perioden 2014-2016 har Utdanningsdirektoratet hatt ansvar for satsinga som eit eige prosjekt, og fylkeskommunane har hatt eigne FYR-koordinatorar som har arbeidd med å fremje kompetansen for lærarar ved alle vidaregåande skular i landet. Prosjektet har hatt som mål å sikre at elevar får ei opplæring i fellesfaga matematikk, norsk, engelsk og naturfag som vert erfart som relevant for skulekvardagen og eit framtidig arbeidsliv.
Viktig kopling med næringsliv
Onsdag hadde PPU-miljøet ved HVO, med Lidun Hareide frå Møreforsking som primus motor, invitert til eit heildags seminar for studentane. I tillegg var også eit tjuetals lærarar frå vidaregåande skular i regionen med.
Kjersti Kleven, styreleiar og medeigar i Kleven Verft, ei velkjend kvinne i norsk næringsliv og som også sat i Ludviksen-utvalet for framtidas skule var ein av innleiarane. Som leiar for eit verft med omsetnad på fleire millionar kroner i året, har ho god kjennskap til kva som krevjast av fagarbeidarar som kjem frå vidaregåande skule. Difor er ho også opptatt av at lærarane må legge best mogleg til rette for elevane i skulen, slik at dei står godt rusta når dei skal ut i arbeidslivet.
– At lærarane er med på å skape relevans for fellesfaga er viktig for motivasjonen til elevane. Eg synast generelt at holdningane til yrkesfaga har betra seg. Vi i industrien i regionen er faneberarar for yrkesfaga, og no opplever vi å få meir støtte på det frå andre. Difor er det også viktig med en sånn dag som i dag, der vi frå næringslivet får utveksle tankar med dei som utdannar lærarar og ikkje minst studentane som skal bli lærarar, seier Kleven.
Kjersti Kleven er opptatt av samarbeidet mellom industrien og skulane.
Ifølgje Meringdal i fylkeskommunen vel 57 prosent av elevane i Møre og Romsdal yrkesfag i vidaregåande skule. Difor vil mange av PPU-studentane som får vidaregåande skule som sin arbeidsplass undervise yrkesfagelevar.
Kleven nemnte at dei har tilsette innan 70 ulike fag. I tillegg til den fagspesifikke kompetansen legg ho vekt på at elevane må ha kompetanse i å lære, kompetanse i å kommunisere, samhandle og delta og kompetanse i å utforske og skape. Dette er noko ho meiner lærarane kan utvikle hos elevane i fellesfaga gjennom FYR-tankegangen. Jan Thormodsæter, info- og opplæringsansvarleg i Maritim Foreining Søre Sunnmøre (MAFOSS) og Anne Holstad, HR-direktør i Jets Vacuum AS var også innom ein del av det same då dei snakka.
Tar ansvar
– Vi hadde ein liknande dag i fjor og synest dette er viktig læring for studentane våre. Dette er noko som våre PPU-studentar bør kunne noko som framtidige lærarar i den vidaregåande skulen, og det vil vi som høgskule sørge for at dei får. Når 57 prosent vel yrkesfag, må også vi vere bevisste på det i vår lærarutdanning. Vi vil også hjelpe dei med å sjå samanhengen mellom næringsliv og skule, fortel trioen Bjørnar Sæterås, studieleiar ved PPU ved HVO, høgskulelektor ved HVO Kari Hasle og Terese Aarsund Myklebust, FYR-koordinator i Møre og Romsdal og høgskulelektor ved HVO.
Dei sette pris på besøket frå lærarane i den vidaregåande skulen i distriktet.
– Det er ein viktig møteplass der vidaregåande skular med skuleleiarar møter studentane. Samstundes er det også fint for oss å kunne gi litt tilbake i form av fagleg påfyll til skulane som våre studentar har praksis i.
Held fram
FYR-prosjektet gjekk ut 2016, men ansvarleg for FYR i Utdanningsdirektoratet, Lone Lønne Christiansen, lova at det ville halde fram.
– Det er fortsatt midlar i prosjektet, og vi vil fortsette utviklinga på skulane ved å mellom satse på mellomleiarane. I framtida ser vi for oss eit litt meir desentralisert system for kompetansetiltak.