- Fantastiske lærarar og eit godt studentmiljø
Raymond har snart fullført bachelorgraden i drama ved Avdeling for kulturfag. Etter endt utdanning ønskjer han å jobbe med kunstproduksjonar for born knytt til den Kulturelle skulesekken.
Rekrutteringskampanje for grunnskulelærarutdanningane i volda
Raymond har gitt liv til surfaren i høgskulen sin kampanje "Surf på dei fire beste åra i livet ditt". Sentralt i kampanjen er bodskapen om at grunnskulelærarutdanninga i Volda og det gode studentmiljøet gir ei medfart - ei bølgje av energi, kompetanse, positive opplevingar, venskap og minne - som skyv kvar einskild student vidare i livet med stor kraft. Å forvalte denne bølgja krev mange eigenskapar som ein også treng i læraryrket: Balanse, styrke, kompetanse, fokus og overblikk.
Kampanjen har også ei eiga nettside www.blilærar.no , der ein blant anna kan vinne ei gratis draumehelg i Volda.
I intervjuet under kan du høyre meir om kvifor Raymond kom til Volda, litt om kva han engasjerer seg i på fritida og kva tankar han har om framtida.