Fagdag: Gode skular krev gode lærarar
Ullern videregående skole hadde i 2001 berre ni primærsøkjarar, men er i dag ein av dei vidaregåande skulane i Oslo som har flest primærsøkjarar. Skulen er i dag ”Nasjonal demonstrasjonskole for 2006-2008”. Pål Riis er utan tvil ”arkitekten” bak strategiane som har ført til denne positive endringa.
Fellesskap
Rektor Pål Riis har forsøkt å få heile kollegiet til å setje felles mål, å snu ein individuell lærarkultur til å bli kollektiv. I ”coaching” har han funne eit verkty som fungerer. Dei tilsette har funne eit felles språk og måleverkty for læring, trivsel og resultat.
Pål Riis er medforfattar av to bøker: Coaching i skolen (2005) og Profesjonelle dialoger, coaching og relasjonstenking i skolen (2008)
Rektor Pål Riis kjem til å vinkle foredraga sine mot kor viktig det er med gode lærarar for å få god læring. Foto: KS
Fagdagen for praksislærarar og skuleleiarar vert to-delt:
Første del går føre seg på Hotel Ivar Aasen i Ørsta frå kl. 10.00 - 13.00. Denne bolken er for rektorgruppa på praksisskulane og lærarutdannarar frå HVO.
Andre del er ope for alle, men er i utgangspunktet meint for praksislærarar i allmenn- og grunnskulelærarutdanninga, og går føre seg i auditoriet i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda, i store auditorium frå kl. 15.00 – 18.00.
Last ned føredraga frå dagen:
- Førsteklasses fra første klasse!
- Å utdanne lærere til lærende skoler - utfordringer for lærerutdanningen?
- Faglærer - rollebeskrivelse
- Kontaktlærer - rollebeskrivelse
- Relasjonelle perspektiver i ledelse, læring og undervisning
- Å utdanne lærere til lærende skoler - utfordringer for lærerutdanningen?