Dåvøy føreles om barnehagelova og revidert rammeplan
Barne- og familieminister Laila Dåvøy vil halde førelesinga i Berte Kanutte-huset, Store Auditorium. Førelesinga er open for alle, og vil vere interessant for fleire enn dei som driv med førskulelærarutdanning, seier studieleiar for førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, Britt Loven Ølnes.
Tid: Måndag 5.september kl. 1415 – 1500
Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, Store Auditorium.
Tema: Den nye barnehagelova
Utkast til revidert rammeplan for barnehagen
Vel møtt til alle interesserte