Barnehagekonferansen 2007 tek form

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert



- Barnehagekonferansen er eit samarbeid mellom Utdanningsforbundet, Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda, og vil finne stad på Seilet hotell i Molde den 1. og 2. november 2007.

Påmeldinga er no sett til 15. august og kan gjerast på www.mrfylke.no

Meir om innleiarane:

Hillevi Lenz-Taguchi er forskar og lektor ved lærerhøgskulen i Stockholm. Ho er
medforfattar av boka ”Lyttende pedagogikk – etikk og demokrati i pedagogisk arbeid”,
der ho ser på teori og praksis som to sider av same sak, og teori som forteljingar frå levd
liv. Lyttande pedagogikk er å ha ”god hørestyrke”. Barns medverknad ligg svært nær
lyttande pedagogikk. Lenz-Taguchi har gitt ut mange bøker og artikar om dette emnet.
Konferansebidrag: Lyttende pedagogikk - etikk og demokrati i pedagogisk arbeid

Turid Thorsby Jansen er høgskolelektor i pedagogikk ved høgskolen i Vestfold og er knytt
til Barnehagesenteret ved høgskulen. Medlem av diverse offentlege utval, konsulent i
tidlegare Barne- og familiedepartement og hjå fylkesmannen i Østfold. Medforfattar av ei
rekkje skrift og bøker, utdanna førskulelærar med lang erfaring frå arbeid i barnehagen.
Er spesielt oppteken av barnehagens identitet og førskulelærarolla.
Konferansebidrag: En lærer underviser, hva gjør en førskolelærer?

Ragnhild Lied er leiar for seksjon vidaregåande, Utdanningsforbundet. Ho var ein av
representantane frå Utdanningsforbundet i arbeidet med Stortingsmelding 16 ”……og
ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring.” Ragnhild Lied har vore medlem av
kvalitetsutvalet, det såkalla Søgnen-utvalet.
Konferansebidrag: Stortingsmelding 16, sjølve høyringa og om Utdanningsforbundet
sitt hovedbod-skap til Stortingsmeldinga

Sigurd Aukland er assisterande kommualsjef for skule og barnehage i Klepp. Han har
arbeidd med kvalitetsutvikling i barnehagesektoren i mange år og har leia prosjektet
”Barnehage + skole=sant” frå 2004 til 2007. Eit sterkare fokus på samarbeid mellom
barnehage og skule medfører nye forventningar. Skal barnehagen sine vide oppgåver
verte reduserte til å vere leverandør av lese- og rekneklare første-klassingar?
Konferansebidrag: Barnehage + skole! Sant eller usant?

Les om Barnehagekonferansen 2006

 

Del på