Barnehagebarn i Møre og Romsdal er heldige!
─ Samordna opptak syner at barnehagelærarutdanninga i landet generelt har hatt nedgang i talet på 1.prioritetssøkjarar. Høgskulen i Volda har derimot hatt ein auke på 55%, seier studieleiar for barnehagelærarutdanninga i Volda, Elisabeth Welle.
GLØD-nettverket ser på dette som ei gåve til barnehagebarna som vil få fleire utdanna pedagogiske leiarar i barnehagane. Forsking viser at det er ein tendens til at ungdom som tek utdanning i eige fylke også etablerer seg der etter endt utdanning. Møre og Romsdal er eitt av dei fylka som har flest dispensasjonar frå utdanningskravet. Dirfor har det dei siste fire-fem åra vore arbeidd målretta for å rekruttere meir kvalifisert personale til barnehagane. Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning, deltidsutdanning og representasjon på utdanningsmesser er iverksette rekrutteringstiltak. Studentane som tek til på barnehagelærarutdanninga hausten 2013, startar på ei heilt ny utdanning som er tilpassa dagens barnehage. Den er organisert i kunnskapsområde og er i samsvar med Lov om barnehagar og Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.
Dersom det er nokon som ikkje har søkt barnehagelærarutdanninga, er det enno høve til å søkje. Høgskulen i Volda startar denne hausten ei arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning med søknastfrist 10.september. Dette er ei utdanning for dei som allereie arbeider i barnehagen og som ønskjer å kvalifisere seg til pedagogisk leiar i barnehage.
For meir informasjon ta kontakt med Elisabeth Welle, studieleiar for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. [email protected] mob. 47 23 74 04
Tekst: Glød-nettverket i Møre og Romsdal