Barn og snø

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Temaarbeidet er tverrfaglig og praksisnært, der den teoretiske fagkunnskapen vert knytt til praktisk-didaktisk arbeid i faga fysisk fostring, naturfag og pedagogikk (NHR - natur, helse og rørsle). Vinterlandskapet i nærmiljøet er læringsarena for temaarbeidet, men på grunn av snømangel måtte vi reise til Hornindal og Grøndalen for å finne nok snø.

I førebuingane til den praktiske gjennomføringa vart det mellom anna forelest om observasjon av barn og vaksne, om sikkerheit med barn på tur om vinteren, skiutstyr for barn, startopplæring på ski og korleis lage skileikanlegg.  I tillegg vart det forelest om klima, dyra om vinteren, spor og sporteikn.

Tur til Hornindal

Det er omlag 60 studentar på barnehagelærarutdanninga, så vi delte klassa i to og reiste dei to første dagane til Hornindal, der studentane skulle få trening i å lage sunn turmat  på stormkjøkken og mat på bål. Vi gikk på ski innover mot Bruasætra. Skisporet var isete og hardt, men inne på sætra var det meir snø og her vart det kokkelert etter alle kunstens reglar. Studentane fekk god trening i å lage pagodebål og bruke stormkjøkken, og for dei aller fleste var dette fyrste gongen. Nokre erfarte at det tek tid å koke store bitar av rå grønsaker, og at det kan vere lurt å ta med seg kokt vatn på termos for å få fart på matlaginga. I løpet av dagen vart det også tid til songleik, skileik, vêrstudiar og leiting etter spoteikn i ein natursti.


ebff94bb6ab6cd884e206c73755f02a5Barnehagelærarstudentar klare til å teste skileikanlegget.

Praktisk-metodisk oppgåve

Torsdagen gjekk turen til Grøndalen,  og denne dagen var fokuset praktisk- metodisk arbeid. Studentane fekk øve seg på å leggje til rette for leikar og aktivitetar i og med snø, både med og utan ski og stavar. Enkelte av studentane hadde på førehand hatt rettleiing og samarbeidde i grupper om å lage didaktiske planar og undervisningsopplegg for resten av klassa. Her fekk studentane gode erfaingar med korleis ein kan kople den teoretiske fagkunnskapen opp i mot praktisk-didaktisk arbeid. Aktivitetar i snø utan ski på flatmark, aktivitetar i snø med ski på flatmark, aktivtetar på ski i slak nedoverbakke (balanseøvingar) og aktivitetsbingo med ski, der ein nyttar terrenget som utgangspunkt var tema dei fekk bryne seg på. Studentane fekk  mange gode kroppslege erfaringar som er viktige å ha med seg når ein skal tilretteleggje for andre si læring. Ein aktiv, kjekk og lærerik dag, med mange gode faglege diskusjonar knytt til nybyrjaropplæring på ski og skileik.

Vinteraktivitetsdag i Grøndalen

På fredag gikk turen til Grøndalen igjen der studentane på føremiddagen laga til eit allsidig skileikområde. Vi fekk besøk av 17 barn frå Farkvammen barnehage i Ørsta og 19 barn frå Tonning barnehage i Stryn. Studentane var spente på kor flinke barna var på ski og vart positivt overraska. I løpet av nokre timar var oppgåva å hjelpe barna gjennom dei ulike postane på området, samt  observere barn og vaksne under aktivitetane

80dc6b5d3086d8783aa6f37c11aa7ef9
«Skiskyting»

I starten på skileikområdet hadde studentane laga ein “skiskytingsarena”, noko som var svært populært. Her vart barna delt inn grupper og fekk “skyte” på blinkar i ulike former og høgder. 

I skogen ved sidan av “skiskytingsarenaen” hadde studentane laga ein natursti, der barna skulle finne sporteikn etter vanlege dyrartar i vår fauna - som ekorn, rev, hare, mus og gaupe. Før naturstien hadde ei gruppe studentar samtale med barna og sjekka kunnskapane deira. Studentane snakka litt om kva for dyr vi kan finne i skogen om vinteren og om ulike sporteikn som vi kan sjå etter. Deretter geleida studentane dei ivrige barna gjennom naturstien. Barna sprang frå post til post og hadde mange gode svar. Inne i skogen fann dei ekte harespor og revespor og til og med ein “harebæsj”. Denne økta vart avslutta med songleiken “Bjørnen sover”.

83a2b46fa6986b825d4ceec1979c54e7

Lenger oppe i skileikområdet hadde studentane laga portalløype, “kular og staup”, orgeltramp, bob-bane, seriehopp og akebakke. Portalløypa var litt skummel for nokre av barna, men studentane rann saman med desse barna. Det var tydelig at mange av barna hadde god trening i å gå på ski, og dei viste ekte skiglede der dei rann over kular og hopp.

9d9051fa04f41be3a9c3173a732159ac

Etter at barna reist heim frå skileikdagen i Grøndalen hadde Liv Ingrid Håberg ei oppsummering om kva studentane hadde observert i løpet av dagen. Temaene her var mellom anna: aktive barn, meistring i forhold til alder, tilpassingar for barn med ulike ferdigheitsnivå, “den aktive eller passive vaksne”.

Studentane gav uttrykk for at det hadde vore ein svært lærerik dag i Grøndalen og at det var positivt å få øve seg som pedagogar i vinterlandskapet.

Ansvarlege for temaveka “Barn og snø”: Eli-Karin Sjåstad Åsebø - høgskulelektor i idrettspedagogikk, Randi Holsvik - høgskulelektor i biologi og Liv Ingrid Håberg - høgskulelektor og stipendiat i pedagogikk.  


Foto og tekst: Randi Holsvik og Eli-Karin Sjåstad Åsebø

Pressefoto

Skileik.jpg
Skiskyting.jpg
Studentar_klare_til_a_teste_skianlegget.jpg

Del på