BARN HAR RETT TIL Å LEIKE!

Tekst: Webmaster Volda

Barnekonvensjonen vart vedtatt av FN den 20. november 1989 og er i år 25 år.  Norge ratifiserte konvensjonen i 1990.  Regjering og Storting har med det gitt lovnad om å arbeide for barn sine rettar i Norge.  Artikkel 31 i Barnekonvensjonen slår fast at barn har rett til å leike.  Leik er barnet sitt naturlege uttrykk. Barns eigeninitierte leik må verdsettast, og leik for sin eigen del må ikkje undervurderast. Leik som ytringsfridom var utgangspunkt for innhaldet i Barnehagekonferansen 2014.

30. og 31. oktober var 450 pedagogisk personale i barnehagar, barnehageansvarlege, PPT- og høgskuletilsette samla på Rica Parken i Ålesund til den årlege Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal. Saman med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet har Høgskulen i Volda arrangert Barnehagekonferansen sidan 2003.

Samtidig som konferansen markerte at Barnekonvensjonen i år er 25 år feira konferansen også 200-årsjubileet for Grunnlova vår. Jubileet skal formidle kunnskap om grunnlova og om verdien av det norske folkestyret.  -Barnet sin rett til medverknad kan vere eit første skritt til deltaking i eit demokratisk samfunn, seier medlem i arrangørgruppa, Maren Ørjasæter Aaland hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. -Med denne konferansen vil vi sette fokus på barnet sitt naturlege uttrykk, nemleg leiken. Set vi nok pris på den frie og ubundne leiken? spør Ørjasæter Aaland.

- Eit viktig mål med Barnehagekonferansen i år er å reflektere over korleis det i barnehagen blir lagt til rette for leik, og korleis barna gjennom leiken kan ha ytringsfridom, seier ein av konferansearrangørane, Elisabeth Welle ved barnehagelærarutdanninga på Høgskulen i Volda. - Vi er glade for å sjå at barnehagane i fylket ser ut til å prioritere denne konferansen, seier Welle. -Vi har eit godt samarbeid i prosjektgruppa, og legg ned mykje arbeid i å finne gode tema og ha høg fagleg kvalitet. Konferansen er ein etterspurd møteplass der deltakarane får fagleg påfyll, samtidig som dei knytt relasjonar på tvers av kommunegrensenen.

6cc962cd56eddc939581e47a7cdc1083
Arbeidsgruppa for Barnehagekonferansen 2014: Hilde Holmeide Aandahl frå Utdanningsforbundet,  Hanne Elin Harnes frå Høgskulen i Volda, Maren Ørjasæter Aaland frå Fylkesmannen og Elisabeth Welle frå Høgskulen i Volda.

c03e73bed09220bb704b88a7e82073b9
Koret frå GNIST-barnehagane markerte Alf Prøysen året med å opne Barnehagekonferansen 2014 med «Lille Måltrost». Over 100 barn stemte også i med «Kanskje kommer kongen?»

Bidragsytarane på konferansen kom frå ulike felt, men alle bidraga hadde leiken som sitt hovudfokus. Blant bidragsytarane var Professor emerita Berit Bae. «Lekende samspill og ytringer – en del av barns demokratiske danning?», var tittel på Bae sitt bidrag. Ho starta blant anna med å framheve at leiken sin plass i dei offentlege dokumenta har blitt sterkare. Den er  framheva både i formålsparagrafen, i innhaldsparagrafen og i Rammeplanen for barnehagar. Ho oppfordra også deltakarane i salen om å engasjere seg i å verne leiken sin plass i utkast til ny Rammeplan for barnehagen -Jeg tenker meg at det å ta imot og bekrefte lekende humoristiske øyeblikk, bidrar til dialoger med gjensidig respekt som er grunnlaget for at barn uttrykker seg ut fra seg selv – og tar i bruk sin ytringsfrihet, sa Bae.

ede11defa784ec121ae451ef8d5e6316
-Respekt for det demokratiske danningspotensiale som ligger i dagligdags lekende samspill og ytringer er viktig, sa Professor emerita Berit Bae i sitt foredrag. Ho oppfordra salen til å ta vare på leiken sin plass og status, og til å gi støtte til barn i deira demokratisering gjennom leik.

-Lekens egenverdi knyttes til den mer eller mindre umiddelbare glede og lykke, fornøyelse og velbehag barna finner i den, sa Førsteamanuensis ved NTNU, Maria Øksnes. Ho meiner at det er mange gode grunner til å gi rom og tid til den formålsløse og spontane leken. –Lek er en rettighet vi er forpliktet på, jf FN. I tillegg er barns spontane lek truet, sa Øksnes. - Det er også viktig å ha med at lek er moro, barn har glede av lek, barna kan ikke la vere å leke. De vil uansett finne rom for den spontane og forbudte leken – om de så må snike seg til det, la Øksnes til.

87f5c15e7feec61a1b7b566b264ae069
Førsteamanuensis ved NTNU, Maria Øksnes, snakka til forsamlinga om at «Leken gjør livet verdt å leve.»

Årets Barnehagekonferanse blei også i år avslutta med ein paneldebatt, der både bidragsytarar som hadde vore på scena tidlegare og representantar frå praksisfeltet tok del. Fleire av deltakarane i salen greip også høve til å komme til ordet. Det utvikla seg til å bli ein interessant debatt om leiken sin plass både i utdanninga og i barnehagane.

faf0dc77e00cbf043bbb1596d5cfa68b
-Etter at paneldebatten var over, fekk Seniorrådgiver ved Profesjonspolitisk avdeling i Utdanningsforbundet, Morten Solheim,ogPedagogisk leder ved Thor Olsens barnehage i Oslo, Birgitte Fjørtoft, dei avsluttande orda med ei praksisforteljing om leik.

Oversikt bidragsytarar

-          Dekan for Humanistiske fag og lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, Arne Myklebust

-          Professor i barnehagepedagogikk ved Høgskolen i Bergen og leiar av Rammeplanutvalet, Elin Eriksen Ødegård

-          Seniorrådgiver ved Profesjonspolitisk avdeling i Utdanningsforbundet, Morten Solheim

-          Pedagogisk leder ved Thor Olsens barnehage i Oslo, Birgitte Fjørtoft

-          Høgskolelektor ved Høgskolen i Telemark, Terje Melaas

-          Pensjonert Dr. philos ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Berit Bae

-          Førsteamanuensis ved NTNU, Maria Øksnes

-          Programleiar i NRK Super, Christian Vik Gjerde

Tekst: Hanne Elin Harnes

Del på