Aukande interesse for lærarutdanningane

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

e7e65900106c1f36f7f801bb35f9a359b57e3a1a

– Hittil har vi besøkt engasjerte elevar i Volda og Sykkylven og i dag avsluttar vi i Ålesunds-området med Atlanten vidaregåande skule som siste stopp, seier studentambassadør Chris Håvard Berge og fortell at han synes at interessa for Volda som studiestad har vore stor.

Grunnskulelærarstudentane  Jo Fredrik Øiamo og Eskild Valsø Lied er også med som representantar frå høgskulen.  – Det er verdt å merke seg er at det har vore ei aukande interesse for lærarutdanningane i Volda, fortell Valsø Lied. Som lærarstudent tykkjer både han og Øiamo at dette er kjempemoro. Denne veka har dei to også representert lærarsatsinga GNIST, som er ein nasjonal rekrutteringskampanje for grunnskulelærarutdanningane.

– Gledeleg nytt

Dette er gledelig nytt seier studieleiar for grunnskulelærarutdanningane Odd Helge Mjellem Tonheim ved AHL. Tonheim tykkjer det er gledelig at mange viser si interesse for lærarutdanningane på HVO, spesielt når det er så stort behov for lærarar i skule og barnehage. Nytt i år er at vi bevist har forsterka HVO-standen med lærarstudentar, og vi håpar dette vil få ein positiv effekt med tanke på tal lærarstudentar til hausten.

– Eg håpar dette vil medfører mange nye søkarar og ikkje minst mange nye lærarstudentar til hausten, og ynskjer alle velkomne til å søke ei av lærarutdanningane, avsluttar Tonheim.

Del på