Åtte utvekslingsstudentar til Malawi og Namibia
Studentane frå venstre: Rebecca Shirin Jafari, Mari Aftret Mørtvedt, Kristin Bolstad, Anne Birgit Aga, Linda Renate Åkre, Christine Bildøy Asheim, Silje Cathrin Holm, Anette Aune Hauge.
Ved Parner Colleges i Namibia og Malawi blir deltakarane mottatt av Sør-koordinator. Utvekslingsstudiet mellom HVO og ”Partner Colleges” i Afrika er nøye planlagt. I mars kjem 10 afrikanske lærarstudentar/”brubyggarar” på 3 månaders opphald i Volda og Norge finansiert av fk-Norway.
Fredskorpsstudiet SRS105 ”Exchange for Development” er eit allsidig utviklingsstudium med fokus på Skule og utdanning som gir 30 studiepoeng i Samfunnsfag. ”Education for all” er viktig del av FNs Tusenårsmål og svært sentralt med tanke på ei meir positiv utvikling i ”Sør”.
Tre månaders opphald ved Partner College der ein er student saman med afrikanske lærarstudentar, tar del i ulike skulebesøk med observasjon av undervisning, reiser på ekskursjonar rundt i landet etc, har alt i alt som viktig mål at ein skal bli kjend med land og folk.
Møtet med ein framand kultur er ei spesiell utfordring og eit viktig tema å fordjupe seg i. Ein skal også representere sitt eige land på ein god måte og vere ein god ”brubyggjar” mellom land i nord og sør. Å vere rik i eit fattig land er ei anna stor utfordring for oss nordbuarar.
Alle desse utfordringane krev at vi har førebudd oss grundig på opphaldet gjennom både teoretiske studium og praktiske spørsmål knytt til reiser i landet, helse, kulturmøte, security osv.
1) førebuingsfase
2) feltopphald i Afrika med mange ulike aktivitetar for å lære landet å kjenne m/vekt på skule
3) etterarbeid / informasjonsfase etter retur til Norge og i framtidig yrke.
Alle tre fasene er viktige for deltakarane i Fredskorps-prosjektet ved HVO-ALU dersom utvekslingsprogrammet skal medvirke til betre forståing og samarbeid i eit ”NORD- SØR” perspektiv. Å skape forståing for at FNs Tusenårsmål er vesentleg med tanke på vår FELLES FRAMTID har i høgste grad med Skule og Utdanning å gjere.
F.v.: Silje, Anette, Christin, Mari, Anne Birgit, Kristin, Rebecca, Linda, Norleif.