Andrespråkspedagogikk for yrkeslærarar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

4da9af2ac26d3ba55b69a948074b941683700ff5
F.v.: Randi Myklebust og Birgitte Fondevik Grimstad Foto: Ann Karene Rasmussen
Gode språkkunnskapar er nøkkelen til utdanning og integrering, understrekar dei fagansvarlege Birgitte Fondevik Grimstad og Randi Myklebust.

Studiet gir grunnlag for å undervise minoritetsspråklege elevar. I tillegg skal studiet medverke positivt til fag- og læringsmiljøet på skular med elevar som har norsk som andre språk.
– Språkleg og kulturelt mangfald i klasserommet er i endring. Det store frafallet innanfor fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande skulen kan tyde på at lærarane har ei utfordring i å tilpasse opplæringa til variasjonane i elevane sine føresetnadar for læring, fortel Birgitte Fondevik Grimstad.


Det er eit stort behov for denne kompetansen. Auka globalisering fører til at stadig fleire elevar i den norske skulen har ein annan språkbakgrunn enn norsk. På under ein generasjon har Norge utvikla seg til eit samfunn prega av etnisk mangfald. Innvandrarandelen er i dag på rundt 10 prosent fordelt på 200 land. Dette krev at skulen skal legge til rette for tilpassa opplæring for denne elevgruppa.

– Gode språkkunnskapar er nøkkelen til utdanning og integrering, understrekar dei fagansvarlege Birgitte Fondevik Grimstad og Randi Myklebust.

– Andrespråkspedagogikk er særleg retta inn mot dei utfordringane som gjeld minoritetsspråklege elevar sin skulesituasjon. Studiet søkjer mellom anna å skape grunnlag for at lærarane utviklar didaktisk kompetanse for arbeid med fleirspråklege elevgrupper, seier Birgitte Fondevik Grimstad og Randi Myklebust.

Studiet inngår i Kunnskapsdepartementet si satsing; Kompetanse for kvalitet – vidareutdanning for lærarar.


Lærarar som ønskjer studieplass finn meir informasjon på udir.no og hivolda.no. Søknadsfristen er 15. mars 2013.

Del på