Tre opne førelesingar
Tre opne førelesingar ved HVO, Institutt for sosialfag:
Torsdag 20. mars kl. 11.15-15: Professor Asle Høgmo: Rasisme og etnisk ekskludering.
Måndag 24. mars kl. 10.15-13: Psykolog Rita Valkve: Ungdom og rusproblematikk.
Tysdag 25. mars kl. 11.15-15: Forskar Tore Bjørgo: Kriminalitet og rasistisk vold.
Alle førelesingane er lagt til Strøm-auditoriet ved HVO.
Omtale:
Asle Høgmo er professor ved Universitetet i Tromsø og ein av dei sentrale forskarane om det fleirkulturelle Noreg. Han har m.a. gitt ut boka ”Fremmed i det norske hus” (1998).
Rita Valkve er psykolog og arbeider ved Midt-Norsk kompetansesenter for rus. Ho er nyleg oppnemnd i regjeringa sitt utval for russpørsmål.
Tore Bjørgo er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). Han har m.a. gitt ut boka ”Vold, rasisme og ungdomsgjenger” saman med Yngve Carlsson (1999).