Spennande fagseminar om kommunikasjon og presentasjonsteknikk

Tekst: Webmaster Volda

Kommunikasjon er eit viktig lim i våre sosiale relasjonar, og kommunikasjonskompetanse kan ofte vere avgjerande for i kva grad vi opplever meistring og tryggleik i ulike sosiale situasjonar. Kurset vil legge vekt på å auke deltakarane si bevisstheit om eigen kommunikasjon verbalt og non-verbalt, og om korleis vi omgås kvarandre generelt sosialt i jobb og utdanning.

 

Ein del studentar har også manglande oppleving av meistring i ulike prestasjonssituasjonar, noko som gjer desse spesielt vanskelege. Dette kan til dømes vere å delta aktivt i grupper, å legge fram eigne eller gruppa sine arbeidskrav for klassen, det å ta ordet i forsamlingar generelt - eller det kan vere gjennomføring av eksamen.

 

Målsettinga med desse kurskveldane er å gje deltakarane nye meistringsstrategiar og –opplevingar som dei kan ta med seg tilbake i studiekvardagen sin - og også eit meir bevisst forhold til korleis vi menneske samspelar med kvarandre.

 

Så velkomen til to spennande kurskveldar!!

 

Helsing Rådgjevingstenesta for studentar (SfS)

 

Tid: måndag 28. februar 18..-21.00 og onsdag 2. mars same tid.

Stad: Kaarstad-huset 109

 

Interessert?

Du kan melde deg på til [email protected]Det er plass til max 30 personar.

 

Del på