Seminar om omsorg for barn

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Korleis forstå barn?
- Som profesjonsutdanning vil vi legge til rette at nyutdanna kan legge grunnlaget for glade, trygge og sterke barn, slår Conradi fast.

- Førskulelærarar, lærarar og sosialarbeidarar og barnevernstilsette vil i sitt praktiske virke møte barn med ulike omsorgsbehov. Nokre av barna vil leve under vilkår der det er naudsynt å sette inn tiltak for å betre omsorgssorgssituasjonen.
- Problemstillingane ligg i at det er vanskelege grensegangar for korleis ein ser, oppfattar og forstår barnet. For kva er det som er barnet sine individuelle føresetnader, og kva er situasjonsbetinga i samspel med andre barn og vaksne? Eller kva er det som er åtferdsvanskar ut frå vanskelege og kompliserte familietilhøve der foreldra må få hjelp til å handtere barna sine behov på ein annan måte, forklarar ho.

Felles kunnskapsbasis for studentane
- Å jobbe med barn med ulike omsorgsbehov fordrar at fagpersonell har kunnskap om omsorgssvikt og kjennskap til ansvar og hjelpetilbod. Målsettinga med desse fagdagane er å gi studentar ved profesjonsutdanningane ved Høgskulen i Volda ein felles kunnskapsbasis. Eit anna føremål er at identifikasjonsgrunnlaget for dei seinare ulike profesjonsgruppene skal verte felles når det gjeld behov for samarbeidom vanskelegstilte barn.

Opne førelesingar

2.årsstudentane ved allmennlærar-, barnevernspedagog- , førskulelærarar-, og sosionomutdanningane er oppfordra til å melde seg på seminaret. Påmeldingsskjema og program vil ein finne på www.hivolda.no/som
Undervisninga på fagdagane er for dei ca. 300 profesjonstudentane ved Avdeling for lærarutdanning og Avdeling for samfunnsfag som går 2. studieår (samt somme 3. årsstudentar frå ALU). Det er opne førelesingar i storauditorium, der fleire med interesse for tema har høve til å delta. For å få kursbevis, må ein også ta del i gruppe -arbeid og seminar med faglærar.

Deltakande faglærarar er Hallgerd Conradi, Eldrid Digernes, Ingun Klepp, Karianne Osborg, Eli Fjeldseth Røys, Øyvind Standal, Lisbeth Sæther, Bjørn Tafjord, Torbjørn Urke, Anne Marie Verpe ogBritt Loven Ølnes.

Påmelding: www.hivolda.no/som
Program:
www.hivolda.no/som/program

Del på