Realfagsatsing: Etter- og vidareutdanning av naturfaglærarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Det er på høg tid at lærarane får sjansen til å fordjupe seg meir i naturfag og at det blir lagt godt til rette for at dei faktisk kan bruke tid på det, seier Fooladi.
- Kommunane på Ytre Søre Sunnmøre har satsa seriøst på naturfag, og målet er at det skal vise att i møte med elevane. Til sjuande og sist er det jo dei dette handlar om.

525-2

Kommunane er ein aktiv medspelar
- Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre (Sjustjerna) er klare. No ventar vi på at kommunane på Nordre Sunnmøre også melder seg på med deltakarar, seier prosjektleiar Oddbjørn Nes ved Kontor for etter- og vidareutdanning ved høgskulen.
- Opplegget varer i to og eit halvt år, og det er no toget går.

Både Høgskulen og kommunane er deltakarar
- Dette er ein spennande vidareutdanningsmodell, der ein kombinerer eit solid opplegg både som etterutdanning ved vanleg kursdeltaking og som kompetansegjevande vidareutdaning, forklarar Nes.

- Vi har hatt eit svært nært samarbeid med skulane og kommunane, og vi har planar om å nytte dette opplegget også for andre fagområde.
- Høgskulen set stor pris på å ha eit tett samarbeid med praksisfeltet, understrekar han.

Påmelding snarast

- Dei lærarane som ønskjer å vere med på dette må ta kontakt med rektor og dei skulefagleg ansvarlege i sin kommune snarast råd. Første samling er allereie i november i år, så det hastar med å melde seg på, seier Nes til slutt.

Les meir på www.hivolda.no/nmm


Desse kommunane er med i Sjustjerna:
 Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta (www.sjustjerna.no)

Nordre Sunnmøre kompetanseregion (NSKR) er rekna som Giske, Haram, Norddal, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund (Nordre Sunnmøre kompetanseregion, NSKR, http://nskr.godoy.no/)

525-1

Del på