Prøvekluten er i gang
-Saman med Kultursekken i Møre og Romsdal ønskjer vi at skulane skal få eit betre kulturtilbod. Vi trur at vi gjennom Prøvekluten kan få til dette, seier Signe Valsø, leiar for Kontoret for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda.
I løpet av desse dagane får kunstnarane opphald og lokale for å utarbeide forestillingar og verkstader til Den kulturelle skulesekken. I tillegg blir det skipa kulturverkstader der både vaksne og born får høve til å lære meir om forteljarteknikkar, animasjon, uteskule og biletkunst.
-Så langt har vi hatt strålande respons, seier Rolf Magnus Orø, prosjektleiar for Kultursekken i Møre og Romsdal. Han viser til oppglødde deltakarar som har vore i kontakt med han i forkant av prosjektet. Vi tek sikte på at dette kan bli eit årleg arrangement slik at fleire kunstnarar, lærarar og born skal få høve til å bli med, seier Orø. |
|
Forfattarar, scenekunstnarar, instruktørar, kunstnarar, musikarar, lærarar og born var med på opninga av Prøvekluten på måndag den 21. juni. |