Prøvekluten blir permanent kunstproduksjonssenter
Fokuset under seminaret vil vere korleis ein kan stimulere til å lage profesjonelle og gode kunstproduksjonar retta mot unge, heilt frå barnehage til unge vaksne. Dette gjenspeglar kva slags produksjonar senteret ønskjer å medvirke til. Programmet er gratis og ope for alle, bortsett frå danseteateret De røde skoene som berre er for inviterte barnehagar. Leiar for formidlinga ved Moderna Museet i Stockholm, Maria Taube, skal snakke om kvalitet i kunst retta mot barn, mens biletkunstnar Jorun Mulen vil presentere ein smakebit frå eit prosjekt som er støtta av Prøvekluten. Den endelege profilen og det nye namnet til Prøvekluten vil bli offentleggjort under Marit Ulvund sin presentasjon av kunstproduksjonssenteret. Les meir om programmet og meld deg på her. http://www.hivolda.no/provekluten Program KunstfestivitasFREDAG 7.NOVEMBER kl 11.30 - 16.00
LAURDAG 8.NOVEMBER Les meir på www.hivolda.no/provekluten |