- Pedagogikk på sitt beste

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Seminaret var et samarbeid mellom Avdeling for lærarutdanning og Lions Quest Foundation. Studentane som var med på seminaret seier at dei har fått mange nyttige tips.

- Her skal vi ta problemet ved rota, og ikkje berre det som er synleg, seier student Trine Frøystad. Ho har lært førebygging på ein ny måte.

- Vi skal leggje vekt på positive eigenskapar, byggje positive klassemiljø og sjølvtillit. Under seminaret har vi fått døme på korleis dette kan gjerast. Dette er ped på sitt beste!

Sosialskapande øvingar
- Vi har fått innblikk i korleis vi kan gjere konkrete øvingar der målet er å få elevane til å snakke saman, verte kjende med kvarandre og vere aktive. Dette arbeidet skal foregå heile skuleåret og kan til dømes starte med korleis elevane vert delte inn i grupper. Her kan sko, klede, storleik, augefarge osv. vere avgjerande, seier Bernt Ragnvald Veddegjerde.

Meir om seminaret:
http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=692

Del på