På rett veg med Kunnskapsløftet?

Tekst: Webmaster Volda

Høgskulen i Volda er ein av seks nasjonale samarbeidspartar når Utdanningsdirektoratet arrangerer regionale konferansar om Kunnskapsløftet. For Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane blir konferansen skipa på Alexandra Hotel Loen 10. og 11. mai.

Hovudinnlegg
Ledelsens betydning for Kunnskapsløftet
Gjert Langfeldt
Førsteamanuensis ved Høgskolen i Agder

Kva konsekvensar har Kunnskapsløftet for tilpassa opplæring?
Peder Haug
Professor ved Høgskulen i Volda

Kunnskapsløftet og tilpasset opplæring som utfordring i elevvurderingen
Erling Lars Dale
Professor ved Pedagogisk Forskningsinstitutt, Universitetet i Oslo

- Berre få dagar etter at vi opna opp for registrering ser vi at interessa er stor, seier Oddbjørn Nes, arrangementteknisk ansvarleg ved Høgskulen i Volda. - Dette kan tyde på at vi har truffe godt i samansetjinga av programmet, seier han.

Meir informasjon og elektronisk påmelding er å finne på www.hivolda.no/rettveg

NB: Påmeldingsfrist er 26. april!

Del på