Opne seminar

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

FAMILIEN, MEDIA OG VERDIAR

Fredag 15. august på Uppheim i Volda: Ope seminar om familien med forelesingar og diskusjonar.Arrangør: Volda Kristelege Samarbeidsutval i samarbeid med Høgskulen i Volda og Sunnmøre Omsorgstiftelse.

Alle fagmiljø og andre interesserte er velkomne til å delta på dette seminaret der vi fokuserer på to aktuelle tema, bearbeiding og kommunikasjon av traumer og sorg innan familien, og verdispørsmål i familien i møte med den sekulære
mediekulturen.

18.00- 18.15
Introduksjon til fagseminaret ved førstelektor Asbjørn Simonnes.


18.15- 19.15
Familieterapeut Luanna Young: Communication with Families through Crisis Intervention.
Kort respons frå Asbjørn Simonnes


19.15-19.45
Kaffestund med samtale om temaet.


19.45 -20.45
Professor Ray S. Anderson: Preservation of Christian Values in a Media Saturated Culture.
Kort respons frå Gudmund Gjelsten


20.45 -22.00
Samtale, drøfting og spørsmålsrunde over kveldens tema.


Begge førelesingane blir tolka.






Måndag 18. august, Aasen-aud. ved Høgskulen i Volda:

Professor Ray S. Anderson vil førelese over fylgjande tema:

10.15 - 11.15:
Presuppositions for Moral Developement in an Educational Curriculum.


12.15 - 13.00:
The Relation of Values to Beliefs in the Formation of Moral Character.


13.15 - 14.00:
Debatt og utveksling omkring emnet.


Møteleiar: Førstelektor Asbjørn Simonnes



Professor Anderson vil elles ha innlegg på lærarrommet på Kaarstad-huset fredag 15. kl. 11.30 og under gudstenesta i Volda kyrkje søndag 17.


Førelesararne
Luanna Young er utdanna som familieterapeut ved ulike universitet i USA og har lang praksis frå dette feltet. Luanna har arbeidd både i den pedagogisk-psykologiske rådgjevingstenesta retta inn mot skuleverket og heimane, men også innan det kyrkjelege vegleiingsarbeidet. Ho har lisens som ekteskaps-, familie- og barneterapeut, frå Bureau of Behavioral Science Examiners State of California, og er medforfattar til boka, «A Christian Parent?s Guide: Raising Difficult Children in a Difficult World: A Parent Workbook frå 1995.


Ray S. Anderson Ph.D. er professor i praktisk teologi ved Fuller Theological Seminary og har i ei årrekke vore leiar for det praktisk-teologiske doktorgradsstudiet ved dette universitetet. Han har sin doktorgrad frå University of Edinburgh og er kjent som ein skarp debattant og analytikar om aktuelle samfunnsspørsmål. Ray har skrive ei lang rekke bøker om ulike tema, og har skrive spesielt mykje om problemstillingar knytta til dagens familiesituasjon. Han er ein etterspurd førelesar, og er medlem i ei rekkje ulike fagsamanslutningar både i USA og Europa.


På fredagsseminaret på Uppheim vil Luanna Young og Ray S. Anderson fokusere på to viktige sider ved familielivet, nemleg korleis takle traumer og sorg i familien og korleis ta vare på dei kristne verdiar i møte med eit mediadominert samfunn.

På det opne mandagsseminaret ved Høgskulen i Volda vil Ray S. Anderson førelese over forutsetningsgrunnlaget for moralsk utvikling innan ramma av undervisninga i skulen, og om korleis verdiar er med å forme ein moralsk identitet og karakter.


Meir info: Kontakt Asbjørn Simmones ved HVO




Per Arne Brandal
informasjonskons.

Del på