Open scene: Korleis blir ein kulturproduksjon til?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda stiller denne veka lokale og fagkompetanse til disposisjon. -Vi trur det er viktig å bygge bru mellom utøvande kunstnarar og dei pedagogiske miljøa, både på Høgskulen og i grunnskulen. På den måten trur vi det er mogleg å utvikle endå betre kulturproduksjonar til Den kulturelle skulesekken, seier Jan Driveklepp, prosjektleiar for Prøvekluten. Han er imponert over det kunstnarlege nivået på dei fem produksjonane som er med i år.

Provekl_07_Gr5
Ove storland og Kirsti Furubotn tek for seg midtausten gjennom musikk, forteljing og refleksjon.

Provekl_07_Gr1
Fotograf Ottar André Anderson og 3D-artist Bjørn Sætre lagar ein eksakt modell av Parken kulturhus i Ålesund for å prøve ut scenografi og lyssetting til ei fotoutstilling.

Program

PRØVEKLUTEN: OPEN SCENE

Tid: Onsdag 25. april kl 18 – 20  Stad:  Kaarstad/Teatersalen

18 – 19Salaam/Shalom, om krig og fred og sånn (målgruppe: Ungdomsskulen)
Av og med Kristi Furubotn (forfattar) og Ove Storland (musikar/artist)
Basert på Furubotn sin ungdomsroman Ingenting (2004, Wigestrand forlag)
- Midtøstenproblematikk
- Er det mogleg å vere nøytral?

Presentasjon (ca 45 min)
Dialog

19 – 19.30

Portretter av kjente og ukjente musikere i Sula
Av Ottar André Anderson (fotograf) og Bjørn Sætre (3D-artist)

Presentasjon/visning
Dialog

19.30 – 20Det store hjartet
Av og med Marit Ihle (forfattar)

Formidling/opplesing
Dialog

Leiing:  Sigrun Meisingset


Les meir om Prøvekluten på www.hivolda.no/provekluten

Del på