Om svin og høns - en kjærlighetshistorie

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Musikkteater

Eit av desse er musikkteaterframsyninga ” Om svin og høns- en kjærlighetshistorie”, der målgruppa er born i 1- 4 klasse. Framsyninga er aktuell som komande produksjon for Den kulturelle skulesekken, og er basert på Eldrid Johansen sine barnebøker om Sara (”Sara vil bli stjerne”/ ”Sara på scenen”) utgitt på Damm forlag. Tema i bøkene er mellom anna venskap, misunning og kva som skjer når ein brått vert ein framtredande person og draumen om å stå på ei scene vert oppfylt.

Deltakarane i oppsetjinga er Eldrid Johansen (songar/skodespelar/barnebokforfattar), Camilla Susann Haug (songar/ skodespelar), Karianne Kjærnes (songar/ skodespelar), Elisabeth Vatn (pianist) og Anethe Alfsvåg (regissør/koreograf).

Humoristisk

Musikkteaterframsyninga er humoristisk, og går føre seg på garden Farmen Svindyr, der vi får treffe Svinet Todd, ein sjefete gris som skal gifte seg med Frøken Sylte, noko som ikkje går heilt etter planen. Søstrene Kakle, tre småhysteriske høner som er svært begeistra for den overlegne hanen Mr. Døll, den kloke Kua Ka og den elegante og sofistikerte Gårdskatta.

Prosjektet er inne i ei avsluttande fase og deltakarane har i helga 8.- 10. september jobba intensivt for å gjere ferdig oppsetjinga i samråd med rettleiar Sigrun Meisingset ved dramaseksjonen ved HVO. Måndag 11. september er det duka for prøveframsyning i Teatersalen på Henrik Kaarstad- huset. Publikum er 3. og 4. klasse ved Øyra skule.

Del på