- Møt utfordringa i kommunane!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Magnhild Meltveit Kleppa og kommunal- og regionalminister Erna Solberg innleidde dagsseminaret ”Offentleg tenesteproduksjon” ved Høgskulen i Volda tysdag. Professor i samfunnsfag ved Høgskulen i Volda, Roar Amdam avslutta innleiinga, før ein debatt rundt dei kommunale tenestene tok over.

Kleppa la vekt på å møta utfordringane i kommunane.
- Ein kan utnytta menneskelege ressursar, fagkompetansen, ny teknologi og dei økonomiske ressursane annleis og betre enn i dag, var rådet frå Kleppa i si innleiing om interkommunalt arbeid.
Felles innsats for regionane, og for nærings- og samfunnsutviklinga, var dei viktige motiva, saman med betre utnytting av felles naturressursar.

Magnhild Meltveit Kleppa følgde tråden til Erna Solberg, som i innleiinga før henne, også snakka om fordelar ved konkurranseutsetjing og samanståing av sørviseiningar som eit middel for å betre den offentlege tenesteproduksjonen.

1066133916
Leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget, Magnhild Meltveit Kleppa, kommunal- og regionalminister Erna Solberg og leiar for Kontor for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda, som arrangerte dagsseminaret.

Berte Kanutte sitt store auditorium ved høgskulen var heilt fylt med spente tilhøyrarar, politikarar og presse. Kontoret for etter- og vidareutdanning, stod for arrangementet saman med Sparebanken Volda Ørsta.

Omtale også i Smp.no
Relaterte saker denne dagen

Del på