– Mange høgdepunkt
– Skal eg likevel trekke fram ein konsert, må det det bli avslutningskonserten i Volda kyrkje laurdag 5. september. Der skal festivalmusikarane saman med lokale songarar og musikarar mellom anna framføre Mozart si store messe i c-moll. I tillegg skal vi i samarbeid med Sparebank 1 dele ut eit talentstipend.
Styreleiar Gunnar Stave.
– ei gåve til Volda
Styreleiar Gunnar Stave meiner at Sunnmøre kammermusikkfestival er ei gåve til både Volda og regionen.
Her får ein ung blåsar undervisning av Ole Edvard Antonsen.
– Vi har to veldig kapable musikarar, Wolfgang Plagge og Annar Follesø, som er villige til å satse på eit slikt prosjekt i Volda. Dei har eit enormt nasjonalt og internasjonalt nettverk som dei trekkjer inn til festivalen. Gjennom konsertar, føredrag og meisterklassar gir dei musikkopplevingar og undervisning på høgt nivå til glede for publikum, kulturskulane, kulturlivet og Høgskulen i Volda.
– Her kan høgskulen og det lokale musikklivet knyte seg til eit internasjonalt nettverk av musikarar som kan tilføre ein konkurransefordel. Tenk på korleis medieutdanningane har utnytta nasjonale og internasjonale nettverk for å befrukte undervisinga i Volda, seier styreleiaren entusiastisk.
Kulturstaden
Stave peikar på at festivalen treff eit sentralt identitetskjenneteikn ved Volda.
– Vi likar jo i mange samanhengar å stå fram som kulturstaden Volda. Seinast på opninga av studieåret ved HVO vart det understreka at Volda har ei regional, og også ei nasjonal, rolle som kulturstad. Skal Volda lukkast, så må vi bygge eit samfunn som er attraktivt og som har mange og gode kvalitetar for alle sider ved det å vere menneske. Det er difor viktig at publikum støttar opp om denne festivalen.
Internasjonale ambisjonar
Styreleiar Stave meiner at kvaliteten på musikarane løftar denne festivalen opp på eit internasjonalt nivå.
– Vi bør ha ambisjonar om å trekke publikum frå heile landet, kanskje utlandet med, til denne festivalen. Det er mange festivalar på mindre stadar som viser at det er mogleg, seier Stave.