Låtskriving på timeplanen

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Masteroppgåve om låtskriving

Etter studieopphaldet i Volda tok Ingunn Ekern ein master i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo.

c46d24ca7080c5a7c3bfc97998c85aa5

Ingunn Ekern.

Ingunn Ekern følte at det var lite litteratur om låtskriving, og at det vert undervist for lite om dette faget i Noreg i dag.

I masteroppgåva prøvde ho å finne svar på kva som kjenneteiknar prosessen med å skrive låtar.

– For å finne ut meir intervjua eg fire nolevande norske vokalistar og låtskrivarar, nemleg Sidsel Endresen, Beate S. Lech, Frida Ånnevik og Maria Skarnes, seier Ekern.

Blant funna ho gjorde les vi at nokre begynner med å skrive tekst, andre startar med ei fengande akkordrekke eller melodi. Det kan vere fremjande for det kreative arbeidet å sette nokre rammer. Det er viktig med tilbakemeldingar frå band eller produsent.

– Alle som eg intervjua var sjølvlærte som låtskrivarar. Det å skape musikk ser ut som å vere heilt «naudsynt» både på eit profesjonelt plan, men også på eit personleg plan.

Samspelprosjektet

– «Sampro» er eit prosjekt som fokuserer på samspel i grupper, og i prosjektet har i lagt vekt på tre sentrale fagområde: rytme, improvisasjon og låtskriving, forklarer Svein Hunnes ved musikkseksjonen ved Avdeling for kulturfag.

Hunnes kan fortelje at kvar bolk i «Sampro» tek til med ein «kick-off» i form av eit fagleg seminar. Så blir det ein arbeidsfase, ein konsert og ei evaluering.

– Målet mitt med dette seminaret er å dele tankar og erfaringar frå låtskriving. Gjennom ulike individuelle oppgåver og gruppeøvingar skal kreativiteten stimulerast til å skrive nye songar i lag, seier Ekern.

4a97b50d91c4f16866bbb66c0664f735

Frå seminaret.

Del på