LærerIKT kurs om informasjonsverkty i skulen
- LærerIKT er ei satsing for å oppdaterer IKT kunnskapane til lærarar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen i heile Noreg, fortel læraren frå Voss. Denne veka var 30 lærarar frå distriktet tilbake på høgskulen for å læra om det nye innan IKT.
Terje Støve
- Nivået på dei ulike deltakarane er sjølvsagt svært varierande, men det har eg eit opplegg for, seier han.
- Kombinasjonen av praktisk IKT og pedagogikk er svært viktig for skulen. Som eit kommunikasjons- og læringsverkty kan IKT sjølvsagt aldri erstatte god gamaldags kontakt ansikt til ansikt, legg han til. Men IKT som verkty i skulen kan supplere kommunikasjonen, og gjere mykje informasjon tilgjengeleg, slår Stove fast.