Invitasjon til seminar i Volda
Målet med seminaret er å skape ein kreativ møteplass for journalistar, medieforskarar, studentar og andre folk i bransjen. Her får deltakarane moglegheit til å få kunnskap og innsikt, samt knyte nye kontaktar.
Tema for haustens seminar:
Kva skjer eigentleg i den digitale medieverda?
Du vil møte dyktige og interessante føredragshaldarar:
Lasse Hallberg, Big Brother-produsent
Rune Hafskjær, P4
Sigurd Høst, medieforskar
Alex Iversen, mediedebattant
Arne H. Krumsvik, Internettveteran
Sigurd Høst, medieforskar
Øyvind Vasaasen, redaktør i NRK
samt fleire forskarar ved HVO.
Programmet er delt i fire bolkar:
Bolk 1, torsdag 25. oktober:
Utviklinga av journalistikk og brukarvanar imedia, med spesielt søkjelys på Internett.
Bolk 2, torsdag 25. oktober:
Digital teknologi, grensesprenging og
interaktivitet i norsk fjernsyn anno 2001.
Bolk 3 og 4,fredag 26. oktober:
Forsking og faktaformidling. Emna spenner frå kven journalistane er til kva journalistar gjer, og kva lyd i og gjennom datamaskina er. Fredagen skal vi også få setje oss inn i eigenpresentasjon i TV2 og NRK, og få eit blikk inn i den digitale verkelegheita sett frå P4 og NRK.
DIGI-GRUMS
Onsdag 24. oktober blir det dessutan arrangert eit eige forskarseminar,
DIGI-GRUMS, der ulike forskingsprosjekt blir presenterte av stipendiatar
ved HVO. Emna er MUDs, hypertekst-forteljingar og teknologi-filosofi.
SOSIALT
Forutan å ha eit spennande fagleg innhald, gir også seminaret rom for det sosiale med m.a. middag (eiga påmelding) og presse-pøbb.
Seminaravgifta på 100,- (studentar 50,-) dekkjer to lunsjar og
kaffiservering.
Fullstendig program, meir informasjon og påmelding:
www.student.hivolda.no/digital
Direkte påmelding via e-post:
[email protected]
Påmeldingsfristen for seminaret er måndag 15.oktober.
Plassen er avgrensa.