Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda
- Dette vårsemesteret sender vi m.a. studentar til Thailand, New Zealand og Beijing. Reisemåla er nesten uendelege, fortel Wilhelmsen. Ho oppmodar alle som har lyst ut til å kome og høyre om mogelegheitene på internasjonal dag 16.januar klokka 12.15 ved Høgskulen i Volda i Berte Kanutte-huset, Store auditorium.
- Vi vil høyre forteljingar om spennande opplevingar, erfaringar og gode råd frå både studentar som har vore ute og studentar som er på veg ut. Studentar har nytte av å høyre erfaringane andre har gjort, i tillegg vil utanlandske studentar fortelje om korleis dei opplever det å vere student i Volda, seier Cecilie Wilhelmsen.
Programmet er elles lagt opp med innslag frå Statens Lånekasse og International Education Center (IEC), ein av dei største formidlarar av studieplassar på den internasjonale arenaen.