Høyr og sjå! Audiovisuell språkstimulering i barnehagen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Program:

11.00:Registrering, Kaffe/Svele i kantina BK

11.30: Velkomen. Opning. Gunnar Strøm, prosjektleiar.

11.45: Nynorsk i barnehagen. Kva er stoda og kva potensial har vi? Kva kan Nynorsk kultursentrum gjere?Kven er Lurivar?Kjersti Markegård Bae, formidlingsleiar, Nynorsk kultursentrum.

12.15:Kva er godt barne-TV? Kjersti Normann, programskapar Barnas Supershow.Ingrid Marie Hafstad, programsjef NRK Super

13.00 – 14.00: Lunsj, Kantina BK.

14.00:Les for meg!Anne Steinsvik Nordal, leiar Nynorsksenteret HVO

14.20:Korleis stimulere til bruk av ’Les for meg!’ i barnehagen?Steinar Høydal, Høydal Fjernsynsproduksjon og Sigrun Meisingset, AKF, HVO.

14.40: Lygarmusa.Animasjonsfilm av Andrea Kiss.Gaute Hareide, AMF, HVO.

15.10:Dubbing av barnefilm i Volda?Morten Lange, direktør Nordubb.

15.30-15.50:Kaffipause

15.50:Lause idear.Lise Fearnley/Magnhild Winsnes, Mikrofilm.Martine Grande

16.15 – 17.00:Diskusjon

20.00:Middag i Ivar Aasen-tunet.Transport frå hotellet 19.30.

Høyr og sjå! Audiovisuell språkstimulering i barnehagen

Finansiert av Noregs forskingsråd gjennom VRI-programmet Tidsrammer: oppstart hausten 2008, avslutning ved nyttår 2010.

Eitt av dei sentrale utgangpunkta for prosjektet er den pågåande debatten i kjølvatnet av PISA-undersøkingane, som slår fast at norske born les og skriv dårlegare enn det ein forventar og ønskjer. Ikkje berre skulen, men også barnehagen har blitt løfta fram som ein viktig arena for læring. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har gitt dette feltet spesiell merksemd, og ynskjer iflg. avisa VG ”fremfor alt mer trykk på språkaktiviteter i barnehagen” (VG 24.05.08). Han nemner ”språksprell, språkposer og snakkepakker som bidrar til visualisering og inspirasjon” som viktige verkemiddel.

Her er vi ved kjernen i prosjektet Høyr og sjå! Bedrifta Høydal-fjernsynsproduksjon vil i samarbeid med fagtilsette ved Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag og medNasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) som er lokalisert til HVO, produsere nettopp den typen språkstimulerande verktøy som kunnskapsministeren etterlyser.

 

Måla for prosjektet er:

a. Å utvikle kunnskap om, metodar for og krav til produksjon av audiovisuelle illustrasjonar, filmar, animasjonar og andre multimediaprodukt som skal nyttast til arbeid med språkstimulering for barn.

b. Å nytte denne kunnskapen til utvikling av kommersielle audiovisuelle produkt innan feltet.

c.Å stimulere til bedriftsutvikling innan medie- og kulturproduksjon knytt til høgskulemiljøet i Volda.

d. Multimediaprodukta med tilhøyrande lærarrettleiing m.m. skal gjerast tilgjengelege for førskule- og grunnskulelærarar gjennom ein eigen vevstad/nettside og i tett samarbeid med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

e.Prosjektet skal resultere i minst 2 internasjonale artiklar.

Prosjektet vil undersøkje korleis tekstar og formidlinga av desse kan vere med på å gi impulsar til aktivitetar og opplevingar for barn i barnehage og tidleg skulealder. Ei forskargruppe vil med utgangspunkt i nye nynorsktekstar for barn prøve ut ulike metodiske tilnærmingar til stoffet. Eit sentralt element er effekten av sansestimulering i samband med heilskapleg læring. Gjennom ulike praktisk-estetiske opplegg ønskjer forskargruppa å få nærare kjennskap til korleis barn oppfattar og forstår tekstar, og korleis ein ved hjelp av audiovisuelle hjelpemiddel betre kan stimulere glede og interesse for skrivne tekstar og å stimulere til språkutvikling.

På sikt er det eit mål at dei ulike programma som vert skapt kan distribuerast til ulike fjernsynsstasjonar og brukast i barne-tv.Prosjektet kan også bli starten på eit nasjonalt Barne-TV/WEB-tilbod på nynorsk/dialekt.

Del på