Helse Midt-Noreg og Høgskulen i Volda i konferansesamarbeid
KEV har i dei seinare år satsa aktivt på å byggje opp Høgskulen i Volda sin kompetanse innanfor konferanseavvikling, og er no hyra inn av Helse Midt-Noreg og KPI til å avvikle OPP!-konferansen i Stjørdal 12. og 13. mai. -Oppdrag som dette gjer at vi blir betre konferansearrangørar, det er også en fin måte å syne det faglege mangfaldet vi har ved Høgskulen i Volda til nye målgrupper seier Valsø. | |
Opplæring av pasientar og pårørande er inne i ein rask vekst i Midt-Noreg. Mange vil vere med på å løfte eit område som for nokre få år sidan ikke hadde fokus i helsetjenestene. No er over 300 påmeldt til OPP! -konferansen. På konferansen vil deltakarane frå helsetenestene, brukarorganisasjonar, kommuner og utdanningsinstitusjonar få servert over 20 foredrag som skal syne at opplæring av pasientar og pårørande er viktig. Både for pasienten og for samfunnet. | |
Om konferansen >> |