Grunn til å ha sjølvtillit
- Vi fekk konstatert at vi har grunn til å ha sjølvtillit i forhold til planane for senteret og arbeidet som er gjort så langt. Tilbakemeldingane var positive på korleis vi tenkjer at produksjonssenteret skal fungere, oppsummerar Signe Valsø i prosjektgruppa for senteret ved Høgskulen i Volda, som saman med Møre og Romsdal fylke var tilskiparar av seminaret.
- Sjølv om senteret har ei regional forankring vil vi ha eit nasjonalt nedslagsfelt. Vi har difor eit stort synleggjeringsarbeid framføre oss med å gjere Prøvekluten og Senter for kulturproduksjon og kulturformidling kjent i alle fylke, fastslår prosjektleiar Jan Driveklepp.
Stort behov for produksjonar
- Produksjonssenteret i Volda vil vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å sikre gode og gjennomarbeidde produksjonar som skapar interesse blant born og unge. Vi ser at skulane stadig vert meir kresne og stiller krav til kva dei ynskjer av tilbod, sa Johild Kosberg Bredin, rådgjevar og koordinator for Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal.
- Produksjonane må vere skreddarsydde for målgruppa for at det skal fungere. I tillegg er profesjonalitet og variasjon viktig. Den kulturelle skulesekken er ein stor del av kulturbygginga i distrikta, forklarte Ingvild Aas, leiar for Oppvekst- og kulturetaten i Aukra kommune
Heva status
- Den kulturelle skulesekken er det største som har skjedd innan kulturpolitikk i Noreg dei siste åra. Dessverre har kunst for born og unge hatt lågare prestisje enn kunst generelt. Dette har det no vorte gripe fatt i, sa Aud Folkestad, leiar for fagleg utval for barne- og ungdomskultur i Norsk kulturråd.
- Vi må vere klar over at Den kulturelle skulesekken ofte det einaste møtet svært mange born har med samtidskunst. Difor er kvaliteten på det som vert presentert ekstra viktig, og statusen på formidling til born og unge må hevast. Gode produksjonar krev tid, pengar og ressursar. Dette fordrar ikkje kvalitet, men er godt på veg med på å leggje til rette for det. Noko Prøvekluten i Volda og det planlagde produksjonssenteret òg gjer, meinte Liv Dysthe Sønderland, som uttalte seg som leiar for Norske Billedkunstnere i Møre og Romsdal og deltakar på Prøvekluten to år på rad.
Vidare arbeid
- For neste år ser vi føre oss ein jamnare aktivitet, og ein endå meir ”utvida Prøveklut” fordelt på heile året. Dette gjev kontinuitet, og fleire kunstnarar vil ha høve til å søke om opphald. Vi vil likevel halde fast på nokre hovudveker for å sikre det sjangeroverskridande, dei tilfeldige møta og kontakta på tvers av yrkesgrupper og miljø, slik Prøvekluten sin intensjon heile tida har vore. Arbeidet med å etablere eit kunstnarisk råd som skal vere med å leggje premissane for vidare arbeid er i gang. Vi vil òg jobbe for å få til eit nytt dialogseminar tidleg på vårparten om kompetanseheving mellom mottakargruppa (skuleleiarar og lærarar) og bidragsytarane (kunstnarane). Allereie under Kulturtorget i Molde i januar satsar vi på å få til det fyrste møtet mellom desse to gruppene, som vonleg vil vere starten på ein samarbeidsarena for utveksling av erfaringar. Planen er òg ein idèverkstad for tilsette i kulturskular, museum og bibliotek i løpet av året, og vidareføring av dialogen og nettverksbygginga med aktuelle samarbeidspartar, fortel prosjektleiar Jan Driveklepp.
Nokre av paneldeltakarane: (f.v.) Rektor ved HVO, Gunnar Stave, Kulturdirektør i Møre og Romsdal, Arvid Blindheim, Leiar for fagleg utval for barne- og ungdomskultur (Norsk kulturråd), Aud Folkestad, Leiar for turnéorganisasjonen Hedmark, Maria Bang, Sekretariatsleiar for ABM-utvikling, Astrid Holen, Leiar for norske billedkunstnere, Møre og Romsdal, Liv Dysthe Sønderland, Leiar for oppvekst- og kulturetaten i Aukra kommune, Ingvild Aas og Produsent DKS, Norsk filminstitutt, Joachim Frivold.
- Meir om Prøvekluten