FRAM10! – Barnehagekonferansen 2012
Ny lovgjeving for barnehagane er under utarbeiding. Kartleggingsverkty vert utprøvd og fagfolk diskuterer i kor stor grad testing og kartlegging skal få plass i framtidas barnehage. Er barnehagen sin eigenart trua? Utfordringane innan rekrutterings- og kompetanse er store og det er sett i gang mange tiltak for å imøtekome behova.
BETRE OPPVEKST FOR BARN OG UNGE: Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste lova ekstra satsing i åra framover.
Ekstra satsing i fylket
Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste opna konferansen med å fortelje om ekstra satsing.
– Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil i 2013-2016 satse ekstra på å betre oppveksten for barn og unge. Ein skal ta omsyn til born sine oppvekstvillkår i all planlegging, sa ho.
NASJONAL SATSING: Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Elisabet Dahle om ny barnehagelærarutdanning.
Framtidas barnehage
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Elisabet Dahle snakka om “Framtidas barnehage – kvar skal vi?” Ho kunne fortelle at det no er ei nasjonalsatsing for å styrke barnehagesektoren.
– I 2013 får vi ei ny barnehagelærarutdanning som vil legge meir vekt på leiing, relasjonar og samarbeid. Arbeidet for å behalde og heve kompetansen blant dei som allereie arbeidar i barnehagen blir også styrka no.
Nasjonal kampanje
For eitt år sidan starta arbeidet med den nasjonale kampanjen Verdens fineste stilling ledig. Den skal vare i tre år, og viser seg allereie å ha effekt. Søkjarar til førskulelærarutdanninga har auka med 22 prosent dei siste åra. Dei regionale GLØD-nettverka skal arbeide for å rekruttere fleire til utdanninga og heve statusen til yrket.
Auka forsking
Ei av utfordringane er at dette er eit område det er forska lite på
– Vi ønskjer meir forsking på barn og det barnefaglege området. No er det eit forskingsprosjekt i fleire barnehagar i Møre og Romsdal om “Danning i Romsdalsbarnehagene – om å vere menneske”, fortalde statssekretæren. Det er høgskulelektor Silje Ims Lied ved Høgskulen i Volda som har det faglege ansvaret for prosjektet.
Våren 2013 kjem ny stortingsmelding: “Framtidas barnehage”.
Framsidebilete: Hilde Holmeide Aandahl - Utdanningsforbundet, Hanne Elin Harnes - Høgskulen i Volda, Maren Ørjastæer Åaland - Oppvekst- og utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen og Elisabeth Welle - Høgskulen i Volda.
Tekst og foto: Sunniva Selena Bolseth