Første doktordisputasen i Volda
- Eg har spelt dataspel, særleg vevbaserte fleirbruksspel, og intervjua spelarar som eg har møtt i desse spela, fortel ho.
Avhandlinga tek for seg korleis tekstbaserte dataspel på veven, MUDs, vert brukt av spelarar.Doktorgradsavhandlinga har fått namnet Pleasures of the player: flow and control in online games, og utforskar høvet mellom rollespel og forteljingar, trekk ved gode dataspel og kvifor fleirbrukarspel på veven er så tiltrekkande for deltakarane.
Kreativ samhandling på veven
Dette er den første doktordisputasen som vert arrangert i Volda. Torill Elvira Mortensen er den første fast tilsette ved Avdeling for Mediefag som tar ei doktorgrad, og vert den einaste kvinne med førstekompetanse ved avdelinga.
- Det spesielle med desse spela på veven er at dei gir spelaren moglegheit til i stor grad å påverke si eiga oppleving, seier Mortensen. Spela er sosiale aktivitetar som oppmuntrar til samhandling med andre menneske. Dei er utfordrande områder som stimulerer problemløysning, utforsking av det framande og ukjende, i tillegg til å vere svært stimulerande for kreativiteten.
Torill Elvira Mortensen er født og oppvaksen i Ålesund, ho er gift og har to barn på 15 og 17 år.Hun er cand. philol i Massekommunikasjon og kulturformidling ved Universitetet i Bergen (1990), og underviser ved Avdeling for Mediefag ved Høgskulen i Volda, der ho har vore knytt til Informasjonsutdanninga sidan 1991.Doktorgrada er finansiert av Norges Forskningsråd, SKIKT-programmet.