Fleire internasjonale føredragshaldarar til Volda
Ulike fagmiljø ved Høgskulen i Volda inviterer gjesteførelesarar gjennom heile studieåret. Men no i januar er fleire internasjonale storleikar som landar på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Mellom anna er professor Anne Bamford, professor Castañer og eventyraren Hetland vel verd å setje av tid til.
Professor José Enrique López de Coca Castañer:
Onsdag 21. januar er professor José Enrique López de Coca Castañer gjesteførelesar i fagemnet 'al-Andalus' under masterprogrammet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda, melder Historisk institutt. Tema er dei siste mauriske samfunna i iberisk mellomalder og nasrid-kongedømet i Granada.
Han vil gje to dobbelforelesingar:
- Den første 21. jan. kl. 09.15 i Ivar Aasen-huset, rom 233.
- Den andre 21. jan. kl. 14.15 i Berte Kanutte-huset, rom 158.
Professor Anne Bamford:
Tema: ”The impact of Arts in Education”. Bamford er mest kjend for å ha leia dei store internasjonale studia i regi av UNESCO om samanhengen mellom satsing på kunst i skulen og elevane si generelle læringsevne. Forskinga hennar har vekt stor interesse internasjonalt - og er viktig både i kulturpolitisk og skulepolitisk samanheng.
Fredag 23. jan. kl. 09.15-11.00 i Hans Strøm-huset, Strøm aud.
Les meir
Eventyraren Audun Hetland:
Den eventyrlege seglasen – tre år til verdas utpostar
Tysdag 27. januar kl. 19.00 kjem eventyraren Audun Hetland til Høgskulen i Volda for å halda eit føredrag om sin eventyrlege seglas over Atlanteren, til Antarktis, rundt Stillehavet og tilbake langs Alaska og over til Grønland saman med to studentkompisar. Den fantastiske turen vart kjent gjennom TV-serien på TV2, og føredraget i Volda er ope for alle interesserte.
Les meir