Dagskonferanse: Den norske fattigdommen
Norge er eitt av dei rikaste landa i verda. Likevel finst det mange fattige her. Det er nettopp skrive ei stortingsmelding om fattigdom i Noreg og kva som kan gjerast for å betre situasjonen for dei fattige.
Førelesarar er m.a. sosiolog og forskar ved FAFO, Tone Fløtten og sosialleiar i Skien kommune, Karin Gustavsen Tvetene. Tilsette i sosialtenesta og i barnevernet og helse- og sosialpolitikarar vil truleg ha spesielt stort utbytte av konferansen.
Program
Kl 09.00: Opning av konferansen v/rektor Gunnar Stave
Kl 09.15: Tone Fløtten: Den norske fattigdommen, finst den og korleis ser den ut?
Kl 11.15: Lunsj
Kl 12.00: Karin Gustavsen Tvetene: Å vere fattig og barn i Norge
Kl 13.45: Pause med kaffi
Kl 14.15: Paneldebatt: Arthur Grønmyr, foredragshaldarane: Kva bør gjerast?
Kl 15.30: Slutt
Tid: Fredag 7. februar, kl 09.00 – 15.30
Stad: Høgskulen i Volda
Om førelesarane
Tone Fløtten er sosiolog og forskar ved Fafo. Ho er medforfattar av rapporten ”Den norske fattigdommen. Hvordan arter den seg, hvor lenge varer den og hva kan vi gjøre med den?”, som kom ut i 2001. Fløtten er ein av leiarane ved Senter for studier av fattigdom, minstesikring og sosial integrasjon.
Karin Gustavsen Tvetene er utdanna sosionom og sosiolog. Ho er no sosialleiar i Skien kommune, og ho er i ferd med å starte eit doktorgradsstudium der hovudtemaet er ”Fattigdom i Norge”. Ho er spesielt oppteken av teamet ”barnefattigdom”.
Arthur Grønmyr er sosialsjef i Ulstein kommune.
Praktiske opplysningar
Konferansen blir halden i Berte Kanutte-huset, Store auditorium.
Konferanseavgifta er sett til kr 500 per person og inkluderar lunsj og kaffi.
For påmelding: [email protected] eller T: 70 07 53 18