Clemet lytta til høgskulemiljøet i Volda
- Høgskulemiljøet i Volda har tradisjonar, erfaring og ein kompetanse som er verd å lytta til, slo utdannings- og forskingsministeren fast. Når vi legg fram vårens stortingsmelding frå Utdannings- og forskingsdepartementet, vil erfaringane våre frå Volda ligge til grunn for ein del viktige vurderingar, la ho til.
- Eg er viss på at statsråden får nytte av vitjinga, sa Peder Haug.
Haug har leia arbeidet med evalueringa av Reform -97, som var eit av temaa som forskarar, lokale politikarar og tilsette i skulesektoren fekk samtale om gjennom fagseminaret.
Kristin Clemet innleidde om aktuell skulepolitikk, før høgskulen sine tilsette presenterte aktuelle prosjekt ved lærarutdanninga i Volda.