Seanse med eigen post i statsbudsjettet
Rektor Per Halse, dekan Aud Folkestad, Ingrid Opedal (SV) og senterleiar Marit Ulvund.
I tillegg til å sikre SEANSE ei meir føreseieleg finansiering med eigen fast post i statsbudsjettet doblar Kunnskapsdepartementet støtta for 2014. Tilskotet blir då på 1 million kroner. Prosjektet får også fast støtte frå Kulturdepartementet via Kulturrådet på 530 000kr, og det er håp om at denne støtta også vil auke for 2014.
EIN AKSEPT FRÅ KUNNSKAPSDEPARTEMENTET
SEANSE var tidlegare inkludert i ein post for tilskot til organisasjonar, men får eigen post i årets statsbudsjett.
─ Dette betyr at prosjektet har fått aksept frå kunnskapsdepartementet, sa 1. kandidat i Møre og Romsdal SV Ingrid Opedal, som har følgt prosjektet tett opp. ─ Vi vil ha meir kunst og kultur i skulen. Koplinga mellom kulturfag og pedagogikk betyr at Høgskulen i Volda må vere den rette staden for å jobbe med dette.
Avdeling for kulturfag har eksistert i sju år, mens SEANSE (tidlegare Prøvekluten) har vore jobba med sidan 2004.
─ SEANSE har lenge eksistert på godvilje frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda, og vi har lenge kjempa for at staten skulle forstå at det er eit nasjonalt prosjekt. Verksemda nyttast av langt fleire kunstnarar enn dei som høyrer heime i Møre og Romsdal, sa senterleiar Marit Ulvund.
KVALITETSSIKRING AV PRODUKSJONAR FOR BARN OG UNGE
SEANSE er ein partnarskap mellom fylkeskommunen og høgskulen, og er i dag eit senter for kunstproduksjon og kvalitetssikring av tilbod til skulen gjennom Den kulturelle skulesekken. SEANSE tilbyr mellom anna kunstnaropphald ved høgskulen.
─ Fordelen med HiVolda er at det er så mange rom og spesialrom der kunstnarane kan boltre seg. Dei får gratis tilgang til lokale i tillegg til kost og losji. Kunstnaropphaldet inkluderer også rettleiing og mogelegheita til å få testa produksjonane på målgruppene. Vi får slik kvalitetssikra det dei jobbar med. Mange av kunstnarane er også svært takknemlege for det kollegiale då dei får mogelegheit til å samarbeide med andre, sa Ulvund.
SEANSE arrangerer også kurs og konferansar, har verkstadar og jobbar med å utvikle nye kunstproduksjonar i skulen.