Samarbeider med reiselivet

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Representantar frå Seksjon for Idrett og Friluftsliv og reiselivselskapet Destinasjon Ålesund og Sunnmøre hadde fredag 27. februar møte der temaet var samarbeid knytt til naturguideutdanninga.

01dd51f1666253f7b51a0c15438d9b1cSeksjonsleiar Frode Sætre, reiselivsdirektør Geir S. Vik,  marknadssjef Tom Skrede, høgskulelektor Ola Einang og høgskulelektor Helga Synnevåg Løvoll. Foto: Dag Roland.

Begge partar ser stor nytte av eit samarbeid. Seksjon for idrett og friluftsliv ved Avdeling for kulturfag synest det er viktig å ha kontakt med næringa/reiselivet der dei utdanna naturguidane kan få seg arbeid i framtida.

– Vi tenkjer oss i første omgang eit samarbeid knytt til gjesteforelesarar, FOU og praksisplassar. Det er svært viktig at studentane på naturguideutdanninga får kontakt med næringa dei skal jobbe i, seier seksjonsleiar ved Seksjon for idrett og friluftsliv, Frode Sætre.

Seriøsitet

Ola Einang ved Høgskulen i Volda har vore med på det meste innan fjell og fjellklatring. – også internasjonalt. No er han uroa over at det ikkje vert teke nasjonalt tak i å utdanna autoriserte fjell- og turistførarar.

– Med den utviklinga vi no ser i turisme og aktiv fjellbruk, er eg mykje uroa for konsekvensane dersom det er uautoriserte førarar som skal prege marknaden. Det er først når vi får felles autorisasjonskrav til dei som tek det store ansvaret med å leie folk ut i norsk natur, at bransjen kan reknast som seriøs, seier Einang.

Del på