Operakomponist underviser musikkstudentar
Tekst og foto: Elizabeth Oltedal
Blei kampen Noreg-Brasil på VM i Marseilles den største nasjonale fellesopplevinga dei siste 30 åra? Det meiner Are Kalvø og Helge Førde, og derfrå er det ikkje langt til å skrive ein opera om hendinga frå 1998. Komponisten Helge Førde er aktuell med operaen Norge-Brasil, basert på ein libretto av Kalvø og premiereklar på Nordfjordeid om ei veke.
Gjennom døme frå partituret og lydfiler, i tillegg til entusiastisk framføring av utdrag frå operaen ved pianoet, viste Førde korleis han har gjort spennande val heile vegen – alt frå å skrive ein polyrytmisk drillmarsj som ouvertyre, til å lage gjennomgangstema ut frå 12-toneteknikken.
Komponistyrket er endra
Komponistyrket har endra seg radikalt med dei teknologiske nyvinningane dei siste 20 åra: der ein før måtte sende det ferdige partituret til utgjevar og trykkeri for å få enkeltstemmene skrivne, evt. transponert, og trykte, kan komponisten no sjølv syte for alt dette, ved hjelp av data. I følgje Førde inneber dette ei stor innsparing men òg ei belastning for komponistar. Dette er ein parallell til mediajournalisten som må syte for alt frå intervju til videoredigering.
Fleire av faglærarane og musikkstudentane skal ta turen til Nordfjordeid for å oppleve operaen i løpet av dei neste 14 dagane.