Nytt studietilbod: Faglærar i musikk
Du vil gjerne at andre, barn og ungdom, skal erfare, oppdage og meistre dette fantastiske universet som har plass til alt frå hip hop til Bach. Du kan tenke deg å undervise i musikk.
– Ein faglærer er ein lærar og pedagog med spesiell kompetanse innanfor eit fagfelt. Ein faglærar i musikk har utdanning til å undervise i musikk i grunnskulen, i første rekke i ungdomsskulen, i den vidaregåande skulen, folkehøgskule eller i anna fagleg-pedagogisk verksemd, seier høgskulelektor Svein Hunnes som er fagleg ansvarleg for det nye studiet.
Fagleg ansvarleg Svein Hunnes er glad for å kunne ønske velkommen til faglærarutdanning i musikk ved Høgskulen i Volda..
Stort behov for lærarar
I følgje Hunnes er det et stort behov for lærarar innanfor alle fagområder, også innanfor musikkfeltet. Ei spørjeundersøking som seksjonen har gjennomført viser at rektorar i regionen i stor grad helsar den nye faglærarutdanninga i musikk i Volda velkomen.
– Det nye studiet i Volda gir eit godt grunnlag undervise i musikk i ulike skuleslag og i det frivillige musikklivet, seier Hunnes.
Satsar på kulturfaga
Høgskulen i Volda (HVO) satsar på kulturfag i ei tid der mange andre høgskular legg ned studietilbod innanfor kulturfeltet. I tillegg til den nye faglærarutdanninga i musikk, tilbyr HVO ved Avdeling for kulturfag bachelorstudium i musikk, kunst og handverk, drama/teater, idrett, friluftsliv samt ei faglærarutdanning i kunst og handverk.
Kulturelt kraftsenter
Studiebygda Volda er kjend for sitt rike kulturliv. Kreative og aktive studentar og fagfolk er med på å gjere denne tradisjonsrike høgskulen og Volda til eit fagleg og kulturelt kraftsenter i regionen.
Utstyr og fasilitetar
Musikkstudentane ved Høgskulen i Volda har gode rammevilkår. Høgskulen har ny flott konsertsal, undervisningsrom med DAW (digital audio workstation) på kvar arbeidsplass, mange øvingsrom med vidare.
I dette undervisningsrommet har kvar arbeidsplass eit digitalt studio.
Symfoniorkester og kor
Høgskulen, har som den einaste i landet, eige symfoniorkester og kor. Musikkstudentane i Volda er også ofte å høyre på studenthuset ROKKEN, på bachelorkonsertar, på jazzklubb, i festivalorkester, i kor og korps osv.
Festivalar
Kulturelle og sosiale høgdepunkt i Volda, er nasjonale og internasjonale festivalar som Sunnmøre kammermusikkfestival under kunstnarleg leiing av Wolfgang Plagge og Annar Follesø, studentVEKA, dokumentarfilmfestivalen, animasjonsfilmfestivalen og fjellsportfestivalen X2.
Musikkstudent Preben Dale i sving i eitt av dei mange øvingsromma ved høgskulen.
Bli lærar i Volda
Det er mange gode grunnar til å bli lærar:- ingen dagar er like
- du er viktig
- du er med på å forme framtida
- du er kvalifisert til mange fleire yrke enn du trur
- å lære bort kunnskap kjennest godt
- det er ei stor glede å sjå unge menneske utvikle seg
- det er stor etterspørsel etter lærarar over heile landet
LÆRARUTDANNINGAR I VOLDA:
- Barnehagelærarutdanning
- Grunnskulelærarutdanning, 1.-7.klasse
- Grunnskulelærarutdanning, 5. -10.klasse
- NYTT! Faglærarutdanning i musikk
- Faglærarutdanning i Formgiving, kunst og handverk
- Master i undervisning og læring med studieretningar spesialpedagogikk, norsk, matematik
- Praktisk Pedagogisk utdanning (PPU)