Nytt masteremne: Å skape meining

Tekst: Webmaster Volda

I emnet får ein arbeide skapande med sitt eige fagfelt i ei samhandling  med studentar frå andre praktiske og estetiske fag, og helse og sosialfag. Studiet er organisert i tre vekesamlingar i haustsemesteret.

Vel sjølv fordjupingsretning
Kvar student vel seg ei fordjupingsretning ut frå sin bachelor-, master- eller yrkesbakgrunn, fortel Fanny Holmin, ved Avdeling for kulturfag. I fordjupingsretninga ein har valt vil ein få individuell rettleiing frå spesiell fagperson. Arbeidet munnar ut i kunstnarlege fellesproduksjonar, til dømes ein musikkvideo eller ei sceneframsyning. Emnet bidrar til refleksjon omkring det å skape meining både i kunsten og i livet.

Les meir om studiet, fordjupningsretningar, førelesarar og rettleiarar her.

Løpande opptak
Det er løpande opptak til studiet og ein kan søkje opptak på bagrunn av relevant realkompetanse, som sjølvstendig kunstnarleg verksemd.

Meir informasjon
Vil du ha meir info kan du kontakte emnensvarleg Magnar Åm.
E-postadresse:[email protected]
Mobiltelefon 913 85 953

Du kan også lese meir i studiekatalogen.

Framsidefoto: Dag Jansson.  

Del på