Mangfald i kulturfaga

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Avdeling for kulturfag omfattar faga musikk, formgjeving, kunst og handverk, idrett, friluftsliv, drama og teater, digital kompetanse i læring samt medie- og kommunikasjonsteknologi.

68291ba41d2937ba51d8728e31fb7bcc

Mange tilbod: − Høgskulen i Volda er den høgskulen i Norge som har størst breidde innafor kulturfag, seier Aud Folkestad, dekan ved Avdeling for kulturfag.

–  Høgskulen i Volda  er også det mest komplette mediehuset i Noreg. Mediestudentane ved høgskulen produserer og publiserer både avis, nett, radio og fjernsyn. Slik breidde er det ingen andre som har, seier Aud Folkestad.

Nytt: Naturguide

Til hausten startar Avdeling for kulturfag opp eit nytt tilbod, årsstudiet Naturguide ved Seksjon for Idrett og Friluftsliv. Studiet har fokus på guiding frå hav til fjell, på nye teoriområde innanfor reiseliv, sett frå gjesten sitt perspektiv.

– Studiet har fokus på guidearbeid i norsk fjordlandskap, med spesiell vinkling på lokalgeografi, lokalhistorie og lokale naturbrukstradisjonar, seier Folkestad.
Ho fortel vidare at studiet har kome i stand ut frå eit behov innanfor reiselivsnæringa.

− Næringa ynskjer å ha kvalitetssikring av guidetenester, då naturbasert reiseliv er i sterk vekst. Fleire og fleire er villig til å betale for kvalitetstid i naturen, noko som skaper ein marknad for guideutdanning og guidetenester. Utdanninga kan takast som ein del av ein bachelorgrad i friluftsliv, men kan også sjåast som eit sjølvstendig avsluttande studium.

Musikk

– Musikkstudiet i Volda gjev studentane ei solid og allsidig musikkutdanning i eit godt og aktivt miljø. Musikkseksjonen har dyktige fagfolk innan musikkteori, teknologi, direksjon, hovudinstrument og musikkdidaktikk, og fleire er utøvande musikarar.

Komponist og professor Magnar Åm står bak våre tverrfaglege masteremne, «Å skape meining og Playful truth-approach». Fagområdet har også hand om Symfoniorkesteret ved høgskulen, i tillegg til vårt eige høgskulekor, fortel Aud Folkestad.

Ho legg til at musikkfag også har fokus på det helsemessige når det gjeld musikk.

− Musikk og drama blir også brukt som metode i helsefremjande samanheng. På høgskulen vert det driv forsking på dette området.

Drama og teater

– Innan dette området har vi valt å fokuserer på opplevingar, erfaringar og utfordringar i eit stimulerande studentmiljø. Gjennom studiet lagar vi oppsøkande teater og dramaforløp for barn og ungdom, eldre og flyktningar. Det blir jobba med skodespelteknikk og regi gjennom blant anna monologer, dialogar, kortfilm, forteljing og teaterproduksjonar innanfor ulike sjangrar. For den som har lyst til å prøve seg utanlands, kan vi tilby utveksling til England, Australia og Hawaii, fortel Folkestad.

50cb145610e79c8c8e3e98335096c581Frå Mon Signor.

− Høgskulen har to teatersalar. I tillegg kan eg nemne at vi har eit godt samarbeid med Opera Nordfjord, der vi leiger profesjonelle kostymer, seier dekan Aud Folkestad.

Formgiving, kunst og handverk

Seksjon for Formgiving, kunst og handverk tilbyr to utdanningar: ei faglærarutdanning i Formgiving, kunst og handverk og Bachelor i Kunst og handverk.

Det vert undervist i mange ulike emne, som til dømes visuell kommunikasjon, funksjonell design, kunst - skaping og formidling, arkitektur og objekt i rom.

Studentane arbeider i åtte ulike godt utrusta og moderne verkstadar som er døgnopne.

Del på