Kunstnaropphald ved SEANSE
Vandring i papirinstallasjonane til kunstproduksjonen «Jorda rundt på 29 bokstaver» .
Seanse lyser årleg ut midlar som går med til å finansiere og legge til rette for at kunstnarar skal kunne få kome til Volda for å jobbe med sin kunst. Det blir gitt tid og rom for kunstnarane til å kunne jobbe med å utvikle sine kunstproduksjonar.
utforskande og kreativ jobbing
I to heile veker har det vore høg aktivitet, utforskande og kreativ jobbing, lange arbeidsdagar og mange utprøvingar i alle dei ulike roma og salane ved Høgskulen i Volda, ved Avdeling for kulturfag. Dei seksten kunstproduksjonane har inkludert sjangrane musikk, dans, teater, dukketeater, litteraturformidling, konseptkunst, installasjonskunst og videomåleri med verkstad. Åpen Scene arrangerast halvvegs i kunstnaropphaldet, og her presenterer alle kunstnarane sine prosjekt for kvarandre, samt Seanses leiarteam. Alle får anledning til å gi tilbakemelding, stille spørsmål og samtale omkring kunstproduksjonane.
Nasjonale og internasjonale utøvarar
Dette årets kunstnaropphald har vore prega av både nasjonale og internasjonale utøvarar med eit høgt profesjonelt nivå, og kunstproduksjonane har tydleg spegla denne kvaliteten. Seanses team, beståande av Marit Ulvund, Karstein Solli, Siri Forberg og Rita Slotterøy, ser med glede fram til å følje produksjonane når dei gjennom ulike arenaer skal møte publikum og turnere rundt om i landet, mellom anna i regi av Den kulturelle skulesekken.
Tilbakemeldingane frå deltakarane har igjen vore overveldande positive.
We wanted to say thank you for this great residency in Volda. It has been really nice to be there, and to be surrounded by other artists. Working in these conditions is optimal, as we felt that we could focus on what we’re doing, and the way it was organized with the little presentation in the middle of the week pushed us to be clear with our ideas and produce something on stage. All in all, the process went very well and we are surprised by how rich this experience has been for our group. So, thank you very much. – The Krumple Theater Company
Det var veldig fint og konstruktivt for oss å være på kunstneroppholdet hos Seanse, og vi er veldig glade for å ha fått muligheten til dette. Prosjektet er i en idéfase, og oppholdet har vært en uvurderlig måte å begynne arbeidet på. Vi er veldig fornøyde med den praktiske organiseringen av oppholdet. Frokost, felleslunsj og tapasmiddag fortjener bare skryt!
”Jorda rundt på 29 bokstaver” – Fabularium Produksjoner
Tekst og foto: Rita Slotterøy