Klart for masterstudium i kreative fag ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

masterkrea_620.jpg

Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Stord, har i fleire år hatt suksess med masterstudiet i kreative fag og læreprosesser. No er det klart at Høgskulen i Volda (HVO) blir ein del av dette. I praksis betyr samarbeidet at studentane blir tatt opp ved HVL, men dei som ønsker det kan få mykje av undervisninga og rettleiinga i Volda.

Godt utvikla master

– Vi har i fleire år ønska å få på plass ein master for estetiske fag i Volda. Vi har ikkje kunna drive den aleine, difor er vi svært nøgde med at vi kan gjere det saman med miljøet på Stord, fortel førsteamanuensis i kunst og handverk ved HVO, Karen Brænne.

I 2015 og 2016 har ho hatt ei 20 prosent stilling på Stord, der ho har undervist i emne på den mastergraden som no kjem til Volda. Difor veit ho godt kva ein tilbyr:

– Stord har eit veldig solid fagmiljø både på musikk og kunst og handverk, og denne masteren er godt utvikla. Det betyr mykje for oss at vi kan tilby våre bachelorstudentar å fullføre utdanninga si på øvste nivå. Dette er også viktig etter som grunnskulelærarutdanninga no blir femårig og på masternivå, meiner Brænne.

Søknadsfrist er 15. mai. Her kan du lese meir om utdanninga og søke.
I søkinga er det merka «Volda» for dei som ønsker undervisning og rettleiing i Volda.

Fleire vegar inn

Kriteria for opptak til studiet er grunnskulelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning med minst 60 studiepoeng fordjuping innan profilfaga, eller bachelorgrad med
fordjuping i kunst og handverk, musikk, norsk og andre estetiske emne med minst 80 studiepoeng fordjuping i eitt av profilfaga. Det er også krav om karakteren C i fordjupinga.

For noverande eller tidelgare studentar ved HVO som har tatt eller tar bachelorgrad i musikk og kunst og handverk passar denne masterutdanninga godt.

Det er lagt opp til to samlingar på tre dagar på Stord i semesteret. Volda-studentane får resten av undervisninga ved HVO. Undervisning på campus i Volda blir på fredagar, der ein vil veksle mellom at faglærar ved HVO har ansvar og at tilsette ved HVL gjennomfører det via videooverføring.

To ulike fagprofilar

Masterprogrammet er organisert i fagpro­filar og fellesemne.
Studentar i Volda kan velje mellom desse to fagpro­filane:

  • Musikk der studantene arbeider med praktisk musikalsk og kunstnarleg
    produksjon, musikkdidaktisk teori og praksis, samt kulturteori og estetikk.
  • Kunst og handverk som har skapande arbeid i ulike materialar og medium
    som sentralt emne, der ein også går djupare inn i kunstfagleg teori og
    praksis, kulturteori og estetikk.

Fagprofilane gir eit utdjupande studium av faget og skulefaget si utvikling, særpreg og posisjon, mellom anna knytt til nasjonale og internasjonale forskings- og metodespørsmål. I tillegg er det fokus på refleksjon knytt til fag- og forskingslitteratur, eigen estetisk produksjon og eige masterarbeid.

I tillegg til forelesingar og seminar er studiet organisert med gruppearbeid, prosjekt, utstillingar, konsertar og framsyningar.

Del på