Juleframsyning

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Tekst: Seksjon for drama og teater

Denne gongen skal vi inn i H.C. Andersen sitt magiske univers, der draumar kjem til liv når mørkret fell på. I denne verda må den stramme tinnsoldaten kjempe mot den vonde Jack for å vinne si ballerina, folket kavar fånyttes mot sin forfengelege keisar, og kven vil eigentleg gifte seg med ein prins som er mest opptatt av å leike med klossar? Alt er sett gjennom augo til ei lita jente som må stå ute og kike inn vindauga til dei andre på sjølve julekvelden - og over det heile ligg dufta av Fru Andersen sine herlege peparkaker.

Framsyninga vert spelt måndag 09.12 og tysdag 10.12 i teatersalen i Kaarstad-huset kl. 18.  Billettar kan reserverast i resepsjonen.

Velkommen til fest, lys, håp - og juleframsyning!

Del på